Afrikanske elefantar er meir ulike enn ein før har trudd. Det får konsekvensar for innsatsen for å redde dei frå krypskyttarar.


mm

Det er fullt kaos i familietrea til velkjende dyr for tida. Sjiraffar er fire ulike artar, og hundar har utvikla seg frå ulvar ved to ulike tilfelle. No er også familietreet til elefantane under ombygging, skriv Nature.

Dei nye resultata kjem frå gensekvensering av ein utdøydd elefant, ein såkalla rett-tanna elefant, som levde i Tyskland for 100 000 år sidan.

Dei nolevande elefantane tilhøyrer tre ulike artar, ein i Asia og to i Afrika. Fram til 2010 trudde ein at dei to elefantartane i Afrika var éin art, men desse elefantane lever anten i skogen eller på opne sletter, og er genetisk ulike frå kvarandre.

Tidlegare har ein trudd at den rett-tanna elefanten var ein stamfar til den asiatiske elefanten. Dei nye resultata viser i staden at den utdøydde elefanten er nærast i slekt med den afrikanske skogselefanten. Faktisk er desse to nærare i slekt (genetisk) enn dei to afrikanske elefantane.

Resultata vart lagt fram på eit internasjonalt symposium om biomolekylær arkeologi i Oxford førre veke. Prosjektet vart leia av Eleftheria Palkopoulou og David Reich ved Harvard Medical School i Boston, Massachusetts.

I august kom det også to forskingsrapportar (her og her) som undersøkte korleis det går med dei to ulike afrikanske elefantartane. Skogselefantane får sine fyrste ungar etter 23 år, og så ein ny kalv med 5-6 års mellomrom. Savanneelelfantane får derimot sine fyrste ungar når dei er 12 år, og kan få ein ny kalv etter berre 3-4 år. Slike dramatiske skilnader får store konsekvensar for korleis populasjonane utviklar seg.

Grupperinga av elefantar som tre artar med ulike evolusjonshistorier og slektskap er viktig for å avgjere kven som treng beskyttelse og ekstra vern mot krypskyttarar.  

Og for å gjere familietreet til elefantane endå meir rotete, viser forskinga til Palkopoulou og Reich at også to artar av mammut, samt ein mastodont, har blanda seg med og påverka utviklinga av dagens elefantar.

LES OGSÅ: Vil registrera DNA frå alle turistar og innbyggarar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE