Kva vert langtidskonsekvensane av zikaviruset?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit ikkje konsekvensane av Zika

Verdas helseorganisasjon (WHO) har no konkludert med at zikaviruset kan gi mikrokefali, der nyfødde born har ein sterkt underutvikla hjerne. Dette er inga overrasking, men kjem som eit resultat av intensiv laboratorieforsking og kartlegging av statistiske data frå heile verda.

Om lag 1,5 millionar menneske har blitt smitta av zikaviruset i Brasil, i hovudsak i dei fattige områda i nord-aust. Globalt er zikavirus er årsaka til mikrokefali hjå over 4000 born sidan starten på 2015, men forskarane peikar på eit potensielt endå større problem: dei moglege langtidseffektane av zikavirus hjå born som er friske ved fødselen.

Viruset infiserer hjerneceller
Mikrokefali er ein sjukdom der bornet vert fødd med ein underutvikla hjerne og ein liten hovudskalle. I eksperiment med mus og apar, har forskarar funne at zikaviruset flyttar seg frå blodårene til den gravide kvinna, gjennom morkaka og infiserer hjernecellene til fosteret.

I laboratoriet har forskarar også observert at zikaviruset hindrar utvikling av hjernestamceller, og at dette får konsekvensar for utvikling av hjerneborken. Det er framleis uklårt korleis viruset oppfører seg hjå menneske, og korleis viruset påverkar nervecellene våre.

Usikker framtid for dei friske
Forskarane er mellom anna redde for utviklinga av nervesystemet hjå borna som var friske ved fødselen. I tillegg til mikrokefali hjå nyfødde, kan zikavirus også gi andre nevrologiske defektar, slik som redusert hørsel, problem med synet og motoriske vanskar. Det er uklart korleis viruset påverkar dei tilsynelatande friske borna av zikainfiserte mødrer over lengre tid. Vil zikaviruset påverke hjernen deira etterkvart som dei veks opp?

Hjå vaksne kan viruset vere årsak til ein sjeldan nervesjukdom kalla Guillain-Barré syndrom, der immunforsvaret går til angrep på nervecellene. Nyleg kom det rapportar frå laboratoriet til Joseph Gleeson ved Rockefeller University om at zikaviruset også kan gå til angrep på hjernecellene hjå vaksne mus.

– Basert på resultata våre er det ikkje sikkert at å bli smitta av zikavirus er så ufarleg for vaksne som folk trur, uttalte Gleeson til The Independent.

– Vi kjenner endå ikkje til langtidskonsekvensane, sa David O´Connor, forskar ved Universitetet i Wisconsin-Madison til Journal of the American Medical Association.

– Ei moglegheit, støtta av våre data og av publiserte studiar, er at viruset blir verande i hjernen i lang tid, noko som kan forårsake kontinuerleg skade på nervecellene, fortsatte han.

Testar vaksine
Titals forskargrupper i heile verda arbeider for å utvikle effektive vaksinar mot zikaviruset.

Nyleg vart utprøving av to ulike vaksinar iverksett (ein i Puerto Rico, den andre i USA).

Sidan zikaviruset er i familie med virusa som gir gulfeber og denguefeber, testar nokre forskarar om vaksine mot den eine også kan fungere som vaksine mot den andre. Førebels er resultata både lovande og skuffande, og det er mykje som framleis er må undersøkast før vaksina vert tilgjenegeleg for dei millionane av menneske som treng den.


 

Faktaboks

Zikaviruset tilhøyrer ein familie av virus kalla Flavivirus, saman med virusa som gir gulfeber, denguefeber og Vest-Nil-feber.

Viruset vert overført til menneske frå ein mygg, oftast Aedes aegypti.

Zikavirset kan gi feber (kalla zikafeber) hjå vaksne, men ikkje alle får symptom.

Utbrot av zikavirus er rapportert i Sør- og Mellom-Amerika, i Asia og på ulike stillehavsøyer, med ein kraftig auke sidan tidleg i 2015.

72 land har rapportert om smitte av zikavirus, overført frå mygg til menneske.

12 land har rapportert om overføring av zikavirus mellom menneske.

20 land har rapportert om born fødd med små hovud, kalla mikrokefali, grunna zikavirus.

I Noreg har Folkehelseinstituttet testa nesten 500 personar for mogleg smitte av zikavirus. 30 personar har testa positivt for viruset, der 10 av desse er gravide. Fire personar som har fått bekrefta akutt sjukdom grunna zikavirus, har vore i område med utbrot av zikafeber.  

WHO Situation report september 2016

Folkehelseinstituttet om Zika

CDC om Zika i USA