Dårlege mattekunnskapar hos nye studentar
Ferske studentar er litt betre i matematikk enn tidlegare kull, men framleis er det dramatiske manglar, viser nye testresultat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nye studentar dårlege i matte
Norsk matematikkråd tilbyr annakvart år ei prøve der studentar som skal ha 60 eller fleire studiepoeng i matte, får testa forkunnskapane sine i faget. Testen har blitt utført sidan 1982.
Dei siste åra har det vore ei betring i resultata, men det er likevel eit forbetringspotensial, seier leiar for rådet Brynjulf Owren til nettstaden Khrono.
Ferske studentar som tok forkunnskapstesten i studieåret 2015/2016, løyste i gjennomsnitt 52,8 prosent av oppgåvene korrekt. Dette er ei forbetring frå 2013, då gjennomsnittsstudenten hadde 50,8 prosent rette svar, opplyser Norsk matematikkråd i ei pressemelding.
– Denne testen har over mange år vist ein dramatisk situasjonen i samband med manglande matematiske forkunnskapar hos studentane, seier Owren, som er professor og prodekan for utdanning på fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk ved NTNU, til Khrono.
Sivilingeniørar og siviløkonomar gjer det best i testen, medan lærarstudentar er dei som gjer det aller dårlegast. (©NPK)