Elevar kan få legeattest på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På fraværsattest.no kan elevar betale 199 kroner for å få ein attest tilsendt digitalt eller per post for å dokumentere fråvær i skulen, skriv Dagsavisen.

Gründer, lege og styremedlem Christoffer Smith i eMedical, som eig tenesta, fortel at bakgrunnen for tilbodet er innføringa av dei nye fråværsreglane i vidaregåande skule og frustrasjonen over meirarbeidet dette fører til for fastlegane.

– Målet vårt har vore å skape ei teneste som betrar ressursutnyttinga i helsevesenet, effektivisere eit konservativt system og belaste pasientane og helsevesenet minst mogleg, skriv Smith i eMedical i ein e-post til avisa.

LES OGSÅ: Full forvirring rundt fråværsgrensa

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin Petter Brelin er likevel ikkje begeistra over tilbodet, som han meiner ikkje er i samsvar med god fagleg praksis.

– Det er ei heilt bisarr løysing på eit oppkonstruert problem. Det blir ganske absurd når ein ikkje godkjenner ein attest frå mor og far, men godkjenner ein attest frå ein lege som sit på ein videolink ein eller annan stad, seier Brelin.

Han vil ikkje svare på om tenesta er lovleg eller ikkje, men Kari Sollien, leiar i Allmennlegeforeininga, meiner dette klart fell utanfor med tanke på kva helsepersonellova krev for å kunne skrive ei legeerklæring. Helsedirektoratet opplyser til avisa at dei vil gjere ein gjennomgang av tenesta. (©NPK)

LES OGSÅ: – Fråværsgrensa rammar dei svakaste