Master aukar sjansen for relevant jobb
Studentar som fullfører ei mastergrad får lettare arbeid og er meir nøgde med jobben sin, viser ei ny undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga «Fra studier til jobb i Bergensregionen» syner at det lønner seg å ta mastergrad, særskilt i tøffare økonomiske tider, skriv Universitetet i Bergen.
Den nye studien er gjennomført av SiB Karriere og studentmeistring i samarbeid med UiB, Noregs handelshøgskole og Høgskolen i Bergen.
Av kandidatane som har delteke i undersøkinga svarar halvparten med bachelorgrad at dei har fått studierelevant jobb. Blant dei med mastergrad eller profesjonsutdanning var resultatet 83 og 100 prosent.
– Dette syner at høg utdanning er ei god investering, ikkje minst i ein trongare arbeidsmarknad. Arbeidslivet spør etter kandidatar som kan tenkje sjølvstendig og tileigne seg ny kunnskap. Dette kan våre masterkandidatar, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitet i Bergen. (©NPK)