Men programkomiteen står fast på å avskaffe sidemålsordninga både i ungdomsskule og i vidaregåande skule.

Svein Olav B. Langåker

Ole Gunnar Krakhellen er einaste nynorskbrukar i programkomiteen. Han seier til Framtida.no at han er glad for at programkomiteen ikkje vil la det vere opp til byråkratane kva språk innbyggjarane skal få svar på.

Mållaget er òg nøgde, men undrar seg over korleis det er tenkt at byråkratar skal kunne skrive både nynorsk og bokmål i arbeidet sitt, når dei ikkje skal få opplæring i begge språka i skulen. 

LES OGSÅ: Fleirtal for meir nynorsk i Bergen

– Tvingar elevar over til bokmål
Som i gjeldande program føreslår programkomiteen å avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

– Det tvingar elevar til å velje anten bokmål eller nynorsk på skulen – noko som vil legge eit rått press på nynorskungdom i eit land med eit bokmålsdominert arbeidsliv, seier Magne Aasbrenn.

Mållagsleiaren omtalar framlegget som korttenkt og skuffande populisme.

– Om Høgres framlegg skulle gå igjennom, må elevar i Sogn og Fjordane gå over til bokmål om dei skal ha håp om tilsetting på mange arbeidsplassar på Austlandet. Eit vidaregåande-vitnemål som berre viser nynorskkunnskapar, vil sende dei bakover i køen. Å fjerne sidemålsordninga er med eit pennestrøk å rive vekk nynorskkunnskapane frå majoriteten av folket, seier Magne Aasbrenn.

LES OGSÅ: Dei vil lovfesta retten til å halda på språket i ungdomsskulen

Vil halda på dialogen
Ole Gunnar Krakhellen seier til Framtida.no at han ikkje trur det vil vere mogleg å få fleirtal i partiet med på å snu om standpunktkarakter og eksamen i sidemål. Han lovar å halde fram dialogen med Noregs Mållag fram mot landsmøtet.

– Eg vil prøve å navigere innanfor det som er mogleg å få fleirtal for, seier han.

Han viser elles til at i det nye programmet står at partiet vil «sikre at vi fortsatt har to levande norske skriftspråk.» Den setninga stod ikkje der sist gong.

Det står òg at ein skal vurdere om språknormeringa for bokmål og nynorsk skal flyttast ut av Språkrådet. Det står ikkje noko om kva som skal vere alternativet.

Krakhellen kan ikkje hugse at dette har vore opp til diskusjon i programkomiteen.

Les heile førsteutkastet til Høgre-program her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE