UiB planlegg å innføra obligatorisk motivasjonsbrev etter studiestart for å minka det høge fråfallet. Studentane er derimot skeptiske.

Gunnhild Sofie Vangsnes, Studvest
Gunnhild Sofie Vangsnes, Studvest

Saka var først publisert i Studvest.

– Planen er at studentane ved studiestart skal skriva eit motivasjonsbrev på eit par hundre ord. Her ynskjer me at dei skal reflektera over kvifor dei har valt å ta denne studieretninga, samt om forventingane dei har til studiet, seier viserektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Oddrun Samdal.

Ho arbeidar mykje med fråfallspolitikken på universitetet, og trur at motivasjonsbrev er vegen å gå for å redusera talet på studentar som hoppar av.

– Brevet vil gje leiinga ein konkret peikepinn på kva studentane tenkjer om studiet. Då vert det lettare å leggja til rette for den studiekvardagen studentane ser etter, seier Samdal.

LES OGSÅ: Mannlege sjukepleiarstudentar sluttar

Fekk nei frå departementet
Det er ikkje første gong UiB tenkjer på motivasjonsbrev: I byrjinga av september 2015 ba Kunnskapsdepartementet institusjonane knytt til høgare utdanning koma med forslag til endringar i opptaket.

Her sendte UiB inn søknad om innføring av motivasjonsbrev i samband med søknadsprosessen til universitetet. Denne søknaden fekk dei avslag på.

– Me fekk ikkje svaret me håpa på. Trass i dette trur me at motivasjonsbrev vil vera ein avgjerande faktor for å minka fråfallstalet. Studentane vert meir bevisste på fagfeltet og kva dei vil nytta det til etter gjennomført studium, seier Samdal.

Les meir hjå Studvest: Lysbakken om motivasjonsbrev: – Vi har veldig lite å tape. 

– Må tenkja nytt
Det var fleire studentar som stilte seg kritisk til forslaget frå UiB som vart lagt fram i fjor. Leiaren ved Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB), Håkon Randgaard Mikalsen, er ein av dei som meiner at universitetet må prioritera andre tiltak enn eit motivasjonsbrev på 200 ord.

– Eit tiltak som motivasjonsbrev krev enormt med ressursar og byråkrati for å gjennomførast. Når ein ser på kven som droppar ut, så ser ein at det nødvendigvis ikkje er den faglege kompetansen det står på, men det sosiale, seier Mikalsen.

Han meiner universitetet må tenkja nytt og heller koma med andre fråfallsreduserande idear.

– Dersom formålet er å førebyggja fråfall, så må ein sette i gong tiltak som betrar undervisingskvaliteten og gjera det meir attraktivt å prioritera. Me i SP-UiB vil også anbefale å henta inspirasjon frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet (MatNat), som i fleire år har arrangert «klassemottak», seier Mikalsen.

LES OGSÅ: Slaktar norsk pengebruk på utdanning

Godt nøgde studentar
Klassemottaket på MatNat er eit opplegg som går over tre dagar etter studiestart, etterfylgt av «På veg» i veke 42. Prosjektet har vert gjennomført fleire år på rad, og initiativtakarane har fått gode tilbakemeldingar frå studentane.

– Det delast opp i klassar med 30 studentar i kvar. Her vert dei introdusert for ei rekkje «bli kjend-leikar», som er vitskapleg bevist at fungerer, seier leiar for Realistlista, Kjell Roymond Olsen.

Han fortel at klassemottaket har godt oppmøte kvar gong, sjølv om det berre er første timen som er obligatorisk.

– Eg trur studentane ser på det som ein fin moglegheit til å kjapt etablera seg eit nettverk i byrjinga av eit lenger studieløp, seier Olsen.

Han fortel at Det Humanistiske fakultetet også har tatt i bruk prosjektet dette semesteret, og at studentane har vore godt nøgde med tiltaket.

Les fleire saker om høgare utdanning her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE