Jonas Gahr Støre fekk klar beskjed frå Fellesforbundet på Stord. – Ikkje høyr på AUF.

mm

Leiaren i Arbeidarpartiet er denne veka på vestlandsturné. Tysdag kveld fekk han møta fagrørsla i kommunen med den fjerde høgaste arbeidsløysa i landet; Stord.

LES SAKA: Her er arbeidsløysa størst

– AUF har fått setja agendaen i petroleumsdiskusjonen. No må partiet seia kva dei meiner om petroleumsutvinning. Det har noko å seia for våre arbeidsplassar her og elles i landet kva Arbeidarpartiet meiner, fastslår Hans Fredrik Nes i verkstadklubben ved Kværner Stord.

– Eg lyttar til AUF, sa Støre.

Men la til:

– Det er herleg å vera ueinige med dei.

LES OGSÅ: Dette vil ungdomspartia pressa moderpartia på

– Landsmøtet avgjer
Støre sa til dei frammøtte at Arbeidarpartiet held døra open for samarbeid med alle dei mindre partia for å få Frp og Høgre ut av regjeringskontora.

Alle dei mindre partia er tydelege på at dei ikkje vil ha konsekvensutgreiing og oljeleiting i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Vil du la dei små partia få avgjera kva som blir faktisk politikk?

– Mi oppgåve er å sørgja for at Arbeidarpartiet har eit godt standpunkt. Det har me i denne perioden. Me er for ei konsekvensutgreiing. Ei utbygging krev eit eige vedtak på landsmøtet. Og så får me ein debatt på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2017, seier Støre til Framtida.no.

– Me kjem til å leva i ei fossil verd i fleire år framover. Det er ikkje noko svar å seia at Noreg sluttar, me som utvinn med nokre av dei lågaste utsleppa. Svaret er at me utvinn på eit stabilt og høgt nivå, slik at det kan investerast i utvinning og teknologi som kan gjera at utsleppa kan gå ned ytterlegare.

– Me må gå vidare med fangst og lagring av CO2, fordi det er nøydd til å bli ein del av svaret på at verda kan leva med fossile brensel utover i hundreåret vårt, sa Støre tidlegare på møtet.

LES OGSÅ: «Utopi med eit Noreg utan olje og gass i overskodeleg framtid»

Vil ikkje blanda seg inn
I løpet av dei siste åra har fleire av dei store kontraktane på norsk sokkel gått utanlands – fleire med store forseinkingar som resultat.

Før ferien gjekk kontrakten på bygging av to store modular til Johan Sverdrup ut av landet.

– Me må bruka eigarinteressene til staten til å førebygga dette. Eg håpar at Arbeidarpartiet set fokus på det, sa Hans Fredrik Nes, nestleiar i Verkstadklubben på Kværner Stord.

– Det er eit samfunnsansvar å leia Statoil. Dei har ein viktig posisjon på norsk sokkel, og fellesskapet er ein viktig eigar. Dei skal driva verksemda si etter ein modell der styret og leiarskap tar avgjersler. Eg er sikker på at det kjem til å koma mange oppdrag til Noreg fordi me har kompetanse og fordi me omstiller oss slik at bedriftene er konkurransedyktige. Eg trur erfaringane frå oppdraga som har gått utanlands er så pass blanda, at eg trur det har styrkja norske bedrifter vidare, seier Støre til Framtida.no.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er eit luftslott

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE