Dansk juss-student må møta i retten skulda for ærekrenking av førelesaren sin.

mm

Ein juss-student ved Københavns Universitet er saksøkt for ærekrenking av førelesaren sin. Årsaka er at studenten klaga på undervisninga, melder På Høyden.

Studenten Kristian Hegaard meiner at førelesaren deira i skatterett ikkje gjorde ein god nok jobb, skriv den danske Universitetsavisen.

Blant anna meiner han at forelesaren ikkje organiserte gruppearbeid, trass i at studentane ønskte dette, at han verka uførebudd og stilte utan notat på førelesningane.

LES OGSÅ: Få ein god studiestart

Risikerer å betala erstatning
Studenten, som er byrådsmedlem for Radikale Venstre i Fredensborg, hevdar han tok opp problemet med forelesaren, men at han ikkje var særleg «omstillingsvillig».

Hansen reagerte med å saksøka studenten for ærekrenking. Blir han funnen skuldig kan han bli nøydd til å betala ei erstatning på 2000 danske kroner til førelesaren. 

Ifølge stemninga set klagen tilsettinga til undervisaren på spel, fordi det kan verka som han forsømer jobben sin. 

LES OGSÅ: Få klisterhjerne til eksamen

– Utruleg tøvete
I fagrådet på jussfakultetet er dei overraska over søksmålet.

— Personleg synast eg at det er utruleg tøvete. Men på eit prinsipielt plan er det også utruleg viss det skulle bli presedens for at ein som student kan bli saksøkt for å klaga over undervisninga, seier Kristian Dam Hove, formann i fagrådet til Universitetsavisen.

Rettssaka skal opp i Helsingør Byrett 5. september.

LES OGSÅ: Ny student? Her er sju ting du treng å vita

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

ANNONSE