Sterk kritikk mot mobbetiltaka frå regjeringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i år presenterte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) mobbetiltaka til regjeringa. No har fleire aktørar underteikna eit opprop som slaktar tiltaka, melder NRK.

 – Lovforslaget vil føre til at barn ikkje blir høyrt, seier Ann Kristin Liland i Foreldrenettverk mot mobbing. Son hennar vann ei rettssak mot Søgne kommune etter å ha blitt mobba på skulen i fleire år. Dei nye tiltaka vil gjere at barn og foreldre kan gløyme å nå fram på denne måten, meiner ho.

Dei som har signert oppropet trur den nye antimobbe-planen til regjeringa vil gjere det lettare for skular å la vere å ta mobbesaker på alvor, og peiker blant anna på at det i forslaget står at skoleleiinga berre skal varslast dersom læraren meiner det trengst.

LES OGSÅ: «Er mobbeproblemet oppblåst?»

 – I det gamle lovforslaget var det den subjektive oppfatninga til barnet som gjaldt. No blir det læraren som bestemmer om barnet blir mobba eller ikkje. Alle som har gått på skule, veit at læraren får ikkje med seg alt som skjer i klasserommet eller i skulegarden, seier Liland.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er likevel ikkje einig.

 – Dersom ein elev kjem og melder frå om at han føler seg mobba, så skal det uansett takast på det største alvor og skulen må sette i verk tiltak, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Mobbarane har størst risiko