Tilgangen på bra kaffibønner går ned. Fleire ekspertar meiner derfor at framtida for kaffien ser mørk ut.

NPK
NPK

– Allereie i 2020 trur vi at det blir mindre tilgang på dei beste kvalitetane av kaffibønner seier Minette Rosén, kaffeinnkjøpar hos Zoegas, til nyheitsbyrået TT.

Ifølgje James Hoffman, som har skrive The World Atlas of Coffee, kan vi vente oss eit marerittscenario. Eit stadig varmare klima har marginalisert store delar av dei beste areala for kaffidyrking til fordel for land med større dyrkbare areal, men med dårlegare kvalitet.

LES OGSÅ: Kaffi får fart på minnet

I Sentral-Amerika har kaffiproduksjonen i fleire land blitt redusert på kort tid. Av produksjonen til El Salvador står det til døme att berre ein firedel. Der har mellom anna klimaet gjort det vanskelegare for kaffidyrkarane og ført til store problem med bladrust, skriv ATL Lantbrukets affärstidning. (©NPK)

LES OGSÅ: Kan bli slutt på god kaffi

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

ANNONSE