Fleire ungdomsparti vil pressa moderpartia til å kutta i pengebruken.

mm

Alle dei politiske partia er i full gang med å utforma valprogram for stortingsvalet om vel eitt år. Måndag kveld var det debatt mellom leiarane av ungdomspartia på Arendalsuka.

Dei blei spurt om kva sak dei vil pressa moderpartia sine på.

Her er det dei svara:

Sosialistisk Ungdom: – Eg synest det er synd at mitt moderparti ikkje tør å ta kampen mot eksamen. Eksamen er prakteksemplaret på norsk «pugge, men så gløyme-skule». SU meiner det på ingen måte er rettferdig at på fem timar på ein vond stol i ei sveitt gymsal skal ha like mykje å seia som eit heilt skuleår, sa SU-leiar Andrea Sjøvoll.

AUF: – Me vil ta kampen for at Arbeidarpartiet ein gong for alle seier nei til konsekvensutgreiing av Vesterålen, Lofoten og Senja. Vårt nei er eit ja til noko anna. Det er eit ja til eit Nord-Noreg som skal byggast av arbeidsplassar innanfor turisme, havbruk og fornybar, sa AUF-leiar Mani Hussaini.

Senterungdommen: – Me vil ta eit oppgjer med den uhemma byråkrativeksten me har i Noreg. I løpet av dei siste åra med denne regjeringa har det blitt 1500 fleire byråkratar. Me vil ha ei tillitsreform, der me gjev tillit til dei som utfører oppgåvene og reduserer unødvendig kontroll, tilsyn og revisjon. Her meiner eg alle partia har for svak politikk, sa Erling Laugsand, leiar i Senterungdommen.

Grøn Ungdom: – Eg ønskjer at MDG blir flinkare til å prioritera pengar og legg store universelle velferdsordningar litt på is, og så bør me kanskje behovsprøva litt av det me allereie har, slik som barnetrygda.

KrFU: – Skatteklasse to. Det er tradisjonelt sett ei viktig KrF-sak. Det er viss den eine i familien, eller den eine i ekteskapet, ikkje jobbar, så får ein ein lågare skattesats på den som har inntekt. Dette meiner eg hindrar likestilling ved at kvinner som oftast er dei som er heime ikkje kjem seg inn i arbeidslivet fordi det er lønsamt for dei, sa KrFU-leiar Ida Lindtveit.

Unge Venstre: – Venstre bør bli for EU. Me har eit samarbeid i Europa i dag som har tent oss veldig bra. Me har eit samarbeid som er svaret på mange av dei spørsmåla me står ovanfor i dag. Anten det gjeld klima, migrasjon eller tryggleikspolitikk, men no ser me at det samarbeidet vaklar. Då blir det viktigare for meg enn nokon sinne å seia eit tydeleg ja i Venstre.

Unge Høgre: – Noko av det viktigaste i tiåra som kjem, er at det blir igjen noko pensjon også til min generasjon. Der ser me at me har store utfordringar i dag på å få eit berekraftig velferdssamfunn. Ein av tinga eg meiner me må få ein skikkeleg debatt om er sjukelønsordninga me har, som gjer at me har eit dobbelt så høgt sjukefråvere som i Sverige. Me bruker 40 milliardar kroner på sjukeløn kvart år i Noreg.

FpU: – Det er vanskeleg å berre velja ei sak. Men noko av det aller viktigaste er å avkriminalisera bruken av narkotiske stoff. Grunnen til at me har kome fram til det er at me ønskjer eit større behandlingstilbod for folk som er sjuke, sa FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud.


LES OGSÅ: – Regjeringa må gå viss ikkje bensinprisen går opp

Sjå heile debatten her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE