Nervesjukdom som drep hjortedyr kan vere smittsam for menneske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan vere smittsam for menneske

Saka vart først publisert på Porten.no.

Aurland: Chronic Wasting Disease (CWD) er ein nervesjukdom som råkar hjortedyr. Den vart først oppdaga i USA i 1967, men nyleg vart dei tre første tilfella påvist i Noreg.

Ingen veit noko om omfang eller smittefare, men døden er det einaste utfallet for dyra som vert råka.

– Spørsmålet som straks melde seg då me oppdaga denne sjukdomen på rein, var om den kan smitte til andre reinar, andre dyreartar, eller i verste fall til folk, seier den pensjonerte veterinæren Kåre Rudningen.

Han sit mellom anna i Villreinutvalet for Nordfjella, som no ber jegerane om hjelp til å skaffe kunnskap om den nyoppdaga sjukdomen. 

– Det kan me kun gjennom å få ein masse prøver frå rein, hjort, elg og rådyr, seier Rudningen.

Les også: – Smittsam nervesjukdom på villrein
Les også: Amerikanske forskarar er bekymra over CWD-utbrotet

Treng å motivere jegerane til innsats

Han oppmodar alle som er interesserte i jakt til å komme på informasjonsmøtet dei held i Aurland på måndag. Dit kjem nokre av dei fremste forskarane på feltet. Håpet er først og fremst at jegerane skal forstå kvifor det er viktig at dei hjelper til.

– Det einaste egna prøvematerialet sit i hjernen. Difor må me få jegerane til å bera med seg hjortehovuda når dei er ferdige med jakta. Det er viktig at dei skjøner poenget, for det er ikkje sikkert motivasjonen er den største til å drasse med seg eit tungt hovud etter å ha gått på jakt i timesvis, seier Rudningen.

Les også: Har ikkje funne smittekjelda

Samstundes er det ei rekkje førehandsreglar jegerane kan ta for å hindre spreiing, dersom det viser seg at sjukdomen er smittsam. Noko det meste tyder på at den er.

– Ei utfordring er at smittestoffet er veldig livskraftig. Me reknar med at det kan vara i årevis og at jegerane kan dra det med seg frå ein plass til den neste, via tilsøla støvlar og så vidare, viss dei ikkje tek førehandsreglar, fortel Rudningen.

Vil ikkje spekulere i faren for spreiing
Sjukdomen CWD kan oppstå både spontant og vidareførast gjennom smitte. Dei meir kjende variasjonane er skrapesjuka hos sau og kugalskap hos storfe. 

– Til no er det oppdaga tre tilfelle i Noreg. Kor stor er sjansen for at dette spreier seg?

– Eg veit ikkje om eg vågar å spekulere så hardt på det. Men viss me tek for oss dei ulike variantane, så kan me ha oppdaga tre isolerte tilfelle i ein tidleg fase av sjukdomsspreiinga. Ei annan mindre sannsynleg moglegheit, er at det er snakk om tre tilfelle der sjukdomen har oppstått heilt spontant av seg sjølv. Ei meir sannsynleg forklaring er at me har ei utbreiing som me ikkje har vore klar over, seier Rudningen.

–​ Den einaste måten å få eit meiningsfullt svar er å få undersøkt mange nok dyr. Framfor alt å få større mengder prøvemateriale, slik at me får forska på smittestoffet og funne ut av risikoen for smitte over på andre dyr, og i verste fall til folk, seier han.

Les også: Saltstein kan vere smittekjelde