Eg er ein av dei som strauk i matte

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er ein av dei 367 sjelene som strauk på forkurset i matematikk.
Eg er ein av dei som mistar den utdanninga eg vil ta.
Eg er ein av dei som er meir praktisk anlagt enn teoretisk.
Eg er ein av dei som hadde ein 3'ar i staden for 4.
Eg er ein av dei som mista all motivasjon til å faktisk prøve.
Eg er ein av dei som ikkje lengre kunne glede meg over å starte der eg ville.
Eg er ein av dei som mista sjansen, mista mulegheita og ikkje minst den vesle draumen.

LES OGSÅ: Tre av fire lærarstudentar strauk i matte

Eg sat i sofaen her no og kom over ein artikkel som Skolenes landsforbund la ut på si side, «går glipp av mange dyktige lærere».

Det er ikkje ei god kjensle å lese at så mange som 367 personar MISTA sjansen sin til å verte lærarar, og det å vite at eg er ein av dei! Eg har sete heile ferien og visst at eg kom til å stryke, og ja, eg strauk! Men kvifor i heite hulaste skal regjeringa sette eit krav til meg om at EG må ha 4 i matematikk for å verte lærar, kvifor skal eg som ikkje har planar om å vere matematikklærar ha 4?! Kvar er logikken i den samansetjinga?

Eg vil ha norsk, RLE, samfunnskunnskap, historie og til og med GEOGRAFI (som verkeleg ikkje er mi sterke side), eg er ikkje interessert i å undervise i matematikk, eit fag som treng sterke og praktisk dyktige lærarar! Kor tid skal regjeringa sjå kva dei gjer med MI yrkesfaglege utdanning, kor tid skal dei sjå at dei robbar meg frå sjansen til å verte ein helsikes DYKTIG lærar innanfor bl.a. norsk?!

Heldigvis hadde eg sikra meg på andrevalet, eg hadde ei tilnærma 100 prosent vissheit om at eg kom inn på andrevalet, og det gjorde eg. Eg kom inn på årsstudium i filosofi, ved UIA.

Men kva skal eg gjer neste år? Det er jo neste år det er snakk om at lærarutdanninga vert ei obligatorisk masterutdanning. For all del, det er vel og bra at lærarutdanninga vert meir i fokus, men for guds skuld, kva med meg? Kva med alle oss som synast det er hardt nok å skulle bestå ein bachelor, kvifor må me då måtte slite oss gjennom ein master?

Eg er praktisk anlagt, eg har det i fingerspissane, eg VEIT at eg kan verte ein ufatteleg god lærar, for det synast når eg jobbar med elevar, men korleis skal eg kunne bevise det når eg atter ein gang skal få eit slag i trynet neste år?

Når eg neste år må ta ei masterutdanning, ein master, som for meg fortonar seg som å gå midtfjords på den tynnaste isen når det byrjar å verte vår, der du høyrer isen knirkar og åtvarar meg mot å ta neste steg. Der eg ikkje høyrer etter, eg tek neste steg og isen hadde rett, eg skulle ikkje gjort det, for no flyt eg nede på havbotnen utan mulegheit til å kome meg oppatt..

Eg er veldig glad på vegne av dei 118 sjelene som stod på prøven, eg unnar dei alle hell og lukke i utdanninga si. Eg skulle ynskje eg var ein av dei. Ikkje det at (beklager om nokre vert fornærma no) læraryrket er min absolutt store og gedigne draum, men det er ein veldig viktig veg for at eg skal kome meg dit eg vil.

Det er kanskje mange som vil reagere på det eg skriv, det er sikkert mange som vil seie at eg er lat, at eg burde prøvd hardare, «Du hadde klart det om du berre prøvde», men kvifor skal eg måtte ha eit krav om å prestere hardt i matematikk når det ikkje er den greina eg vil undervise i? Som leiaren i Skolenes landsforbund, Anne Finborud, tidlegare har nemnt: at det er fullstendig meningslaust å velje ut matematikk som eit «guddommeleg» fag for læraryrket.

Beklagar for dei av dykk eg har skuffa, beklagar for at eg ikkje nådde opp til det dykk hadde forventa av meg, beklagar for at eg valde å ta eit standpunkt, beklagar for at eg valde å stå imot presset dykk gav meg, beklagar for at dykk ikkje visste kor demotiverande og leit det var for meg å høyre: «Det er ikkje noko problem for deg», «du må berre gjere ditt beste», «du må jo prøve»!

Takk for at dykk valde å ikkje forstå det eg ville fram til, takk for at dykk gjekk imot i staden for å støtte, takk for at den konsekvensen eg no får av å ikkje bestå, kjem til å henge over meg, og til sist men ikkje minst, på førehand takk for at dykk ikkje kjem til å dømme meg for dei vala eg tok.

Men dette er ikkje slutten på mi historie, eg gjorde eit klokt val ved å ta filosofi, eg kan drage nytte av dette faget i mange andre fag og utdanningar. Min KAMP er ikkje ferdig, eg vil kjempe med nebb og klør for å kome meg dit eg vil. Uansett kva, det er ingen og då meiner eg INGEN, som kan stoppe meg frå å oppnå det eg vil! (Forutan om meg sjølv).

Først publisert på bloggen Sunnmørsjente på ville vegar.