Tre av fire lærarstudentar strauk på matteprøve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er jamt over dårlege resultat landet rundt, skriv nettavisa Khrono.no.

Ved NTNU var strykprosenten 85, medan 69 prosent strauk ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ved Universitetet i Oslo fekk 6 av 32 bestått medan ved Høgskolen i Hedmark var det berre 2 av 33 som bestod prøva.

– Vi vil no evaluere gjennomføringa av forkursa. Vi vil også sjå på forskjellane mellom studiestadane, når det gjeld delen som har bestått og ikkje, seier fungerande kunnskapsminister Elisabeth Vik Aspaker (H) i ei pressemelding.

Regjeringa har skjerpa karakterkravet i matematikk for å komme inn på lærarutdanningane. Frå i haust må ein ha minimum karakteren fire i matte frå vidaregåande skule for å starte på lærarstudiet.

Søkjarar som ikkje oppfylte kravet om ein firar, men som hadde minimum karakteren tre, fekk tilbod om å ta gratis forkurs for å kvalifisere seg. (©NPK)