Ny student? Her er sju ting du treng å vita

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 16.08.2021 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I vår søkte du høgare utdanning. I sommar fekk du studieplass. No er du i ferd med å bli immatrikulert, og berre innsjå det: Du anar ikkje kva du skal gjera. Anten du kjem rett frå vidaregåande, har jobba, vore i militæret eller reist verda rundt, er overgangen til det akademiske livet stor, og det einaste som er sikkert, er at ting ikkje blir som før.

Her er sju råd som ikkje gir deg dei beste karakterane eller den feitaste jobben etter utdanninga, men som kanskje kan hjelpa deg til å ikkje gjera studietida meir stressande enn nødvendig.

1. Du kan gjera ting på eigen måte.

Når alt er nytt og usikkert, er det lett for at ein byrjar å måla seg mot andre heile tida. Men det er ikkje sikkert måten dei gjer ting på, er det som funkar best for deg.

Om du blir stressa av lesesalen, kan det vera like greitt å sitja på Espresso House. Om du får meir ut av å høyra på ein fagrelevant podkast enn å gå på førelesing, så bruk for all del heller tida på det. Og ikkje tenk at du «må» lida deg gjennom evige kollokviediskusjonar som går langt på sida av det relevante i pensum. Pakk saman og gå og gjer det du lærer best av.

Eller er du ein av dei som berre blir stressa av denne fridommen alle haussar sånn opp? Finn heller gjengen din og hald deg til dei.

2. Dei andre er ikkje smartare enn deg.

Ok, eg skal ikkje lyga. Det kan sjølvsagt henda at nokon av dei nye medstudentane dine faktisk er flinkare enn deg. Det er heilt greitt – du er berre ved starten av utdanninga. Sjå det som eit høve til å læra av dei.

Men den kjensla av at alle rundt deg kan meir, veit meir, stiller betre spørsmål under førelesinga eller har meir å bidra med i diskusjonen på studentpuben enn deg – den kjensla er falsk, og ho held deg unødvendig tilbake.

Det enkle beviset på det, er at nesten alle sit med den same kjensla. Det er rett og slett normalt å kjenna seg litt dum når så mykje er nytt. Så ikkje la det stoppa deg frå å ta ordet eller få deg til å tvila på at du har noko på studiet å gjera – kast deg frampå med det du likevel har av kunnskap, meiningar og «dumme» spørsmål.

3. Du må ikkje kasta deg frampå, heller.

«Kast deg frampå», skreiv eg nettopp. Men hugs punkt 1. Dei som heile tida tar ordet og strør om seg med spørsmål og anekdotar treng ikkje vera noko førebilete. Om du føretrekker å vera stille, så er det like greitt.

4. Dei første emna du tar er ikkje så viktige uansett.

Klart det er viktig å få eit godt fagleg grunnlag i starten av studiet. Men ærleg tala, sjansane er store for at du ikkje kjem til å hugsa så mykje av dei første introduksjonsemna likevel.

Du får gode høve til å friske opp det grunnleggjande seinare, når du tar emne som byggjer på dei første. Så ikkje stress så mykje med dei første pensumbøkene at du ikkje tar deg tid til å dykka inn i studenttilværet med godt samvit.

Å bli kjent med studiemiljøet, diskutera med medstudentane, leita seg fram i jungelen av studentorganisasjonar, studentpubar, og alle moglege andre tilbod som finst på studiestaden. Alt saman er like viktig som dei første studiepoenga.

5. Det er ikkje noko stress å ombestemma seg.

Dette er også ein grunn til å ikkje ta dei første emna dine altfor seriøst: Det kan henda du kjem til å studera noko heilt anna seinare.

Utdanningssystemet er lagt opp til at du skal gjera det rette valet med ein gong når du søkjer og seinare takkar ja til ein studieplass – før du kanskje veit så mykje om kva studiet eigentleg går ut på. Men kor realistisk er det?

Sanninga er at mange byter studieprogram både ein og to gonger, eller finn etter kvart ut at dei heller vil jobba enn å studera vidare. Ikkje tenk på det som eit nederlag om du skulle finna ut det same. Det er berre ein naturleg konsekvens av at det å starta i høgare utdanning er ein læringsprosess i seg sjølv.

6. Det finst folk som får betalt for å hjelpa akkurat deg med å få mest mogleg ut av studietida.

Seriøst, dei går berre ventar på at du skal spørja dei om ting. Lite er meir destruktivt enn tanken om at det er «flaut» å be om hjelp, eller at det er noko ein gjer berre som ein aller siste utveg.

Du treng ikkje vera i ferd med å droppa ut for å oppsøka studiekonsulenten eller studentrådgivaren. Du treng ikkje vera ein hjelpelaus NAV-kandidat for å få CV-hjelp frå karrieresenteret. Og seriøst, du treng ikkje stå på kanten av stupet for å ta kontakt med studentpsykologen. Så sjekk ut kva som finst av tilbod på studiestaden din, og bruk det for alt det er verdt.

7. Det finst andre råd der ute, om desse ikkje passar deg.

Du må leita dei fram sjølv, men dei finst. Berre hugs: Du treng råd.


Om du likevel vil ha tips til korleis du får jobb etter utdanning, les denne saka. Hint: Karakterane betyr meir enn før.