Olivia Lasky i Swiftkey har vore med på å gi deg nynorsk mobiltastatur. Her fortel ho korleis ho blei hekta på Noreg.

Svein Olav Langåker og Anders Veberg
Svein Olav Langåker og Anders Veberg

Olivia Lasky (27) vaks opp i ein liten by utanfor San Francisco som heiter Muir Beach, og bur no rett over brua, i Sausalito.

Ho jobbar for Microsoft-selskapet SwiftKey, og er ansvarleg for lanseringa av mobiltastatur med nynorsk autokorrektur sist veke.

Sidan sommaren 2008 har ho vore åtte gonger i Noreg, og håpar å flytta hit ein gong.

– Kvifor er du så glad i Noreg?

– Haha, det er vanskeleg å forklara, eigentleg. Eg besøkte Bergen i 2008 mens eg var med på eit program som heiter Semester at Sea. Det første minuttet eg landa, visste eg at eg skulle ha vore fødd i Noreg. Eg følte eit sterkt samband med folket, språket, kulturen… alt. Eg har ikkje nokon norsk slekt, men eg føler at eg har ein norsk sinnstilstand.

– Korleis har du lært norsk?

– Heldigvis tilbyr University of California–Berkeley norsk! Der har dei eit Department of Scandinavian Studies. Eg studerte det i eitt år før eg hadde eitt semester i Oslo, der eg eigentleg lærte å snakka. I 2012 på International Summer School in Oslo lærte eg nynorsk.

– Er nynorsk vanskelegare enn bokmål?

– Dei er forskjellige. For tida er nynorsk vanskelegare for meg sidan eg lærte bokmål først, men eg prøver å lesa på nynorsk (no les eg Sju Dagar i August av Brit Bildøen) for å forbetra meg.

LES OGSÅ: – Språket er slottet vårt

Tips til å læra norsk
– Har du tips til andre som vil læra seg norsk?

– Høyr på podcastar, sjå på film, LES MYKJE!

– Kva bruker du norsken til?

– Eg jobbar faktisk som frilansomsetjar i fritida min. Eg har omsett eit par bøker til engelsk som ikkje er publiserte enno, og jobbar ofte med små oppgåver til omsettingsbyrå som Lionbridge. Akkurat no jobbar eg med nokre noveller og ein roman skrive på norsk av ein samisk forfattar.

– Er det nyttig å kunna norsk i USA?

– Haha, ikkje så mykje, dessverre. Berre artig å sjokkera folk; eit par veker sidan høyrte eg eit par nordmenn i kontoret mitt. Eg begynte å snakka til dei på norsk – dei blei ganske forvirra!

Håpar å læra samisk
Olivia Lasky seier ho er svært fascinert av alle dei arktiske språka og kulturane – spesielt samisk and grønlandsk, i tillegg til norsk.

– Eg fekk mastergraden min med fordjuping i samisk kultur og studerte nordsamisk, men dessverre sidan eg ikkje hadde nokon å snakka med, har det nesten forsvunne. Eg håper å læra det igjen. No er eg også ganske opptatt med norske dialektar. Eg er spesielt interessert i dei nordnorske. Eg prøver også å lære ungarsk og islandsk, men det går ganske langsamt!

Far hennar er av ungarsk og ukrainsk slekt, og mora er av kinesisk slekt.

– Mor vaks opp på Hawaii med kinesisk som morsmål, men dessverre lærte eg det ikkje, seier ho.

LES OGSÅ: Populært å læra nynorsk med teikneserie

Jobba som fiskar i Alaska
På jobben som programsjef i SwiftKey pleier ho å driva med marknadsføring, sosiale media, datarapportering og mykje anna. I fritida likar ho å sykla, fjellklatra – generelt å vera utandørs så mykje som muleg.

Før ho byrja i jobben hos SwiftKey tok ho bachelorgrad i skandinavistikk og engelsk litteratur frå University of California–Berkeley og mastergrad i skandinavistikk frå University of Wisconsin.

– Eg har òg jobba som fiskar i Alaska, hos eit par «startups», og har no vore to år på SwiftKey, seier ho.

LES OGSÅ: Ein usannsynleg nynorskbrukar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE