Fleire unge som slit tar kontakt med lege

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på unge som tar kontakt med lege på grunn av psykiske problem aukar. For heile landet har talet gått opp frå 13,3 prosent i året frå 2010-2012 til 14,2 prosent i 2012-2014.

Dette viser tal frå Folkehelseinstituttet som Framtida.no har henta ut.

Kommunikasjonssjef i i Mental Helse Ungdom, Adrian Lorentsson, seier til Framtida.no at det er liten tvil om at fleire ungdommar enn før slit med psykiske problem.

– Større openheit kan òg ha ført til at fleire søkjer hjelp. Enno er det fleire som synest det er tabu å snakka om psykiske problem. Mental Helse Ungdom jobbar for at det ikkje skal vera så vanskeleg å oppsøkja hjelp.

Jentene er flinkare til å søkja hjelp, seier Lorentsson og viser til at fleire gutar og unge menn endar opp med å ta sjølvmord.

Store variasjonar
Tala varierer stort mellom kommunane.

I Kvalsund, Spydeberg, Bokn og Lavangen har minst 20 prosent av unge mellom 15 og 29 år kontakta lege for å få hjelp med psykiske problem. 

I Hornindal i Sogn og Fjordane har berre 5,1 prosent av dei unge kontakta lege for å få hjelp til psykiske problem. Saman med Rømskog og Solund er dette kommunen med færrast unge som har kontakta lege for å få hjelp med psykiske symptom eller lidingar.

Hornindal og Solund er òg dei kommunane i landet der færrast innbyggarar bruker legemiddel mot psykiske lidingar. Berre kring tre prosent av innbyggjarane under 45 år gjer dette der. Til forskjell bruker over 10 prosent av innbyggjarane under 45 år i Aremark, Kvalsund og Spydeberg dette.

– Forskjellane kan skuldast mykje. Av ein eller annan grunn er folk lukkelegare i Sogn og Fjordane, seier Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom.

LES OGSÅ: – Mange unge ville vore friskare i jobb

Ønskjer fleire psykologar
Mental Helse Ungdom er opptatt at det òg må finnast eit tilbod i kommunane utanom fastlegane. Dei helsar difor velkommen kravet om psykologar i alle kommunar frå 2020.

– Men då er det viktig at brukarane får nytta denne, understrekar Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom.

LES OGSÅ: Vil ha psykisk helse på timeplanen

Ungdom mellom 15 og 29 år med psykiske symptom og lidingar som har vore kontakt med fastlege eller legevakt per år, per 1000:

Fylke   2012-2014
Aust-Agder 169,9
Vestfold 168,9
Østfold 162,5
Telemark 158,2
Finnmark 157,8
Buskerud 153,7
Hedmark 153,4
Nordland 150,9
Vest-Agder 149,7
Troms 146,1
Oppland 144,8
Hordaland 140,7
Nord-Trøndelag 140,3
Sør-Trøndelag 139,7
Møre og Romsdal 133
Rogaland 132,8
Akershus 131,6
Oslo 120
Sogn og Fjordane 107,5

LES OGSÅ: – Du treng ikkje forstå den psykisk sjuke

Faktaboks

I tillegg til legevakt og fastlege går det an å ta kontakt med:

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111
Ring Alarmtelefonen viss du treng nokon å snakka med. Erfarne vakter tar telefonen kvar dag mellom 15 og 08. I helgane er linjene opne heile tida.

Hjelpetelefonen til Mental helse
Alle som vil snakka eller skriva om utfordringane i livet kan ta kontakt med Hjelpetelefonen . Dette er eit døgnope tilbod der ein kan snakka om enklare eller vanskelegare tema. Det er gratis å ringa 116 123
Tenesten består også av to nettjenester, sidetmedord.no og kameratstøtte.no

Barneombudet
Ønskjer du personleg vegleiing til barne- og ungdomspsykiatri, barnevern eller skilsmisse, kan du kontakta Barneombodet (dagtid) på telefon 22 99 39 50.

UNG.no: Les meir om psykisk helse på ung.no.