Kjønnsbalanse i høgare utdanning – kvifor det?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor er det så farleg at det er overvekt av eit kjønn innan eit yrke? Og innan forskjellige studie i høgare utdanning?

Tal frå Samordna Opptak viser at årets kull ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) si sjukepleiarutdanning i Oslo vil bestå av 16 prosent menn. Sosialt arbeid og barnevernspedagogikk vil bestå av høvesvis 11 prosent og 10 prosent menn. Ei så skeiv kjønnsfordeling er negativ for samfunnet og for studentars trivsel. Ein ønskjer kjønnsbalanse i arbeidslivet slik at barna i barnehagen både skal møte menn og kvinner. At pasientar har moglegheit til å velje kjønnet på sin behandlar. For å bidra til likestilling og like moglegheiter uavhengig av kjønn. Og i studie der det allereie er få menn, kan det vere større sannsyn for at dei menna ein har mistrivst eller sluttar på grunn av kjønnsubalansen.

Så korleis skal ein balansere kjønnsfordelinga? Først må ein sjå på årsaka til at det er få menn i helse-, omsorg- og sosialutdanningane. Er det stigma rundt eit studie og eit yrke? Eller er det berre ei lita gruppe menn som passar og trivst som sjukepleiarar? Ifølgje forskning.no er det heilt «vanlege» menn som vel kvinnedominerte yrker, og det er altså ikkje berre ei snever gruppe dette passar for. Så kvifor er det då ikkje fleire som vel dette yrket?

Eg trur framleis det er håp for dei kvinnedominerte utdanningane. I dei meir fagspesifikke lærarutdanningane, som grunnskulelærarutdanninga 5-10 med fordjuping engelsk er det 52 prosent menn som har fått studietilbod ved HiOA, i forhold til dei 25 prosent ved grunnskulelærarutdanninga 1-7. Ved same institusjon er også utdanninga for paramedics populær blant menn og 68 prosent av dei som har fått studietilbod er menn, i forhold til dei 16 prosent på sjukepleiarutdanninga. Kva er det som skil utdanningane frå kvarandre?

Det er på tide at både Kunnskapsdepartementet og utdanningsinstitusjonane tek ansvar for dei utdanningane med størst ubalanse. For det må meir til enn separate tiltak for å snu ein trend og endre kulturen. Ein må søke om å nytte kjønnspoeng som eit midlertidig og umiddelbart tiltak. Kjønnspoeng åleine er likevel ikkje nok, og ein har fleire eksempel på der søkar-/opptakstala har gått rett ned igjen så raskt incentivet er fjerna. Ein må fokusere på rekruttering og tilrettelegging for det underrepresenterte kjønnet. Kanskje må ein endre profileringa av studiet? Eller er det noko med innhaldet som gjer det meir eller mindre egna for eit kjønn?

Ved ingeniørfaga til NTNU har dei i dag fleire eksempel på at tiltak for kjønnsbalanse, deriblant kjønnspoeng, har fungert og bidrege til ein større del jenter i utdanningane. Kjønnspoeng vil kunne tiltrekke fleire kvalifiserte søkarar, som tidlegare ikkje ville søkt på grunn av for høge poenggrenser. Når ein først får opp tala av det underrepresenterte kjønnet vil dette kunne bli ein oppadgåande spiral. Ein kjønnsbalanse på studiet vil kunne motivere både menn og kvinner til å søke. For å verkeleg endre det kjønnsdelte arbeidslivet i Noreg og fremme likestilling i alle sektorar må vi handle, og vi må setje inn tiltak no.