22. juli-terroren har ikkje klart å endra dei grunnleggjande strukturane i Noreg, meiner historikar Olav Tore Grønlie.

NPK-NTB-Birgitte Iversen
NPK-NTB-Birgitte Iversen
Faktaboks

Fakta om terrorangrepa 22. juli 2011

* 77 personar blei drepne og rundt 90 personar blei såra i dei to terrorangrepa i regjeringskvartalet i Oslo og på AUFs sommarleir på Utøya i Tyrifjorden i Buskerud.
* 69 personar blei drepne i skytemassakren på Utøya. 60 personar blei såra.
* 8 personar blei drepne i bombeeksplosjonen i regjeringskvartalet. Rundt 30 personar blei såra.
* Den 950 kilo store bomba førte til omfattande skadar på fleire av regjeringsbygningane.
* Høgreekstremisten Anders Behring Breivik er dømd til 21 års forvaring for angrepa. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Korleis vil 22. juli endra Noreg? Det har vore eit spørsmål som har gått att sidan dei verste terrorangrepa på norsk jord i moderne tid skaka landet for fem år sidan.

Olav Tore Grønlie, professor emeritus i styrings- og forvaltningshistorie ved Universitet i Bergen, var blant dei som blei spurd om dette i tida etter angrepa. Han uttalte den gongen at han ikkje trudde angrepa ville få nokon store effektar på samfunnet.

Fem år etter meiner han dette biletet ikkje er endra.

– Det eg peikte på den gongen, og som eg også meiner i dag, er at dei tunge strukturane som ein kan seia utgjer det norske, dei lèt seg ikkje grunnleggjande endra sjølv av ei så dramatisk hending som 22. juli, seier Grønlie til NTB.

«Det norske»
Grønlie seier historikarar gjerne trekkjer fram fem-seks djupstrukturar for å skildra «det norske».

– Det norske samfunnet er prega av ein grunnleggjande tillit mellom menneske i landet, og mellom menneske og staten og offentlege institusjonar. Vidare er Noreg eit ganske grunnleggjande egalitært samfunn prega av kompromissvilje og liten oppslutnad om ekstreme parti. Vi har hatt ein lang tradisjon for å integrera fløyrørslene inn i den politiske flokken. Ein høg grad av samarbeid i arbeidslivet og høg grad av likestilling er også typisk for Noreg, og desse djupstrukturane har ikkje 22. juli klart å rokka ved, slik eg ser det i dag, seier Grønlie.

– Som historikar vil eg likevel streka under at fem år er ein kort tidsperiode å studera dette på, peikar han på.

Gamle debattar
Sidan angrepa er det gjort ei rekkje tiltak og endringar er gjort på beredskapsfeltet. Terrorlovgjevinga er skjerpa vesentleg. Politiet er sterkt omorganisert. Enkelte har hevda at angrepa, og ikkje minst konklusjonane til Gjørv-kommisjonen, har blitt misbrukt til å sentralisera forvaltninga og politiet, og til å innføra for vidtgåande overvakingslover.

Grønlie seier han meiner dette ikkje rammar grunnstrukturane i det norske samfunnet. Han peikar også på at fleire av debattane heller ikkje representerer noko grunnleggjande nytt i Noreg.

– Dei diskusjonane som har kome etter 22. juli, knytt til politiet og samfunnet, er debattar i norsk politisk forvaltningshistorie som i alle fall går tilbake til 1960-talet, seier Grønlie.

– Det handlar om spenningar mellom fagleg autonomi versus politisk styring og mellom sentralt styring versus lokal styring. Dette er spenningar som vi må kunna seia har vore normalen i den norske demokratidebatten i store delar av etterkrigstida, peikar han på. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE