Vil kvotera inn menn til psykologistudiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kvotera inn menn til psykologistudiet

– Det er viktig at vi får ein arbeidsmarknad der det finst eit godt utval av både mannlege og kvinnelege psykologar og legar, seier viserektor for utdanning Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.

Unge Høgre er ueinige
Håkon Block Vagle i Bergen Unge Høgre fryktar ei slik ordning vil utestenge flinke jenter.

– Kvotering er eit dårleg tiltak. For det første er det urettferdig for dei jentene som har jobba knallhardt for gode karakterar, for deretter å få draumen knust fordi dei har feil kjønn. Dette er definisjonen på diskriminering, og er feil uansett kva formålet er. For det andre er dette ei altfor lettvint ordning, som ikkje løyser det eigentlege problemet, sa Block Vagle til Studvest tidlegare i vår.  

Kvoter eller tilleggspoeng 
Også Universitetet i Oslo har søkt om kjønnskvotering til psykologstudiet, og Kunnskapsdepartementet har forslaget ute på høyring.

Institusjonane må svara på om dei ønskjer kvotering gjennom tilleggspoeng eller kvoteordning. Fristen for dette er 2. september, og ifølgje departementet vil universiteta få svar på søknadene ved juletider.

Endra inntakskrav
Denne hausten endra Universitetet I Bergen inntaksordninga, slik at studentane no søkjer seg rett inn på psykologistudiet frå vidaregåande. Tidlegare har inntaket vore basert på karakterane ved årsstudium i psykologi.

Psykologistudent Fredrik Lian har laga dokumentarfilmen Gjennom nåløyet om det ekstreme karakterpresset studentane opplever.