Får krass kritikk frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Arbeiderpartiet-representanten Eirin Sunde har stilt spørsmål til regjeringa om dette er storstilt sentraliseringspolitikk, ifølgje NTB.

Så mykje som 86 prosent av statlege stillingar som er flytta frå Oslo under Solberg-regjeringa, har enda opp i Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Kristiansand, ifølgje ei oversikt Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt til Nationen.

– Det er inga tvil om at det er ei heilt anna haldning til kva som er distriktspolitikk. Der me flytta ting til Voss, så er distriktspolitikk i denne regjeringa å flytta til Bergen, seier Geir Pollestad (Sp) til Nationen. Han er ein av dei som reagerer på tala.

Avtalen om å flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo kom i april. Då vart det lova at ikkje alle skulle hamna i storbyane. Målet med avtalen var ein del av avtalen om nytt inntektssystem, og vart jobba fram av regjeringspartia og Venstre.

I alt har Solberg-regjeringa etablert eller flytta 324 statlege arbeidsplassar utanfor Oslo. Den førre regjeringa oppretta 200 mellom 2009 og 2013.

Les meir om distriktspolitikk:

Å fjerne avgiftsfrådraget er ein del av strategien til regjeringa for å byggje ned flyplassane i distrikta, hevdar fylkesordførarar i vest.

Dei fleste kommunane går imot forslaget frå regjeringa om å fjerne konsesjonslova og buplikta. Dei trur det vil svekkje busetjing og matproduksjon i distrikta.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

ANNONSE