Snart kan roboten Zeno bli læraren til autistiske barn

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er robotlæraren Zeno

På fleire danske skular har Zeno, ein robot som smiler og snakkar med elevane, tatt over som hjelpelærar, skriv Berlingske Tidende (BT).

– Robotar vil ikkje kunne ta heile funksjonen til læraren, men det er deler av det ein lærar gjer i dag som kan gjerast like godt eller betre av ei maskin, seier Henrik Schärfe, robotekspert og direktør i Fonden Autonomous, til avisa. Han trur fleire vil få augene opp for slike løysingar i framtida.

Zeno er laga av det danske selskapet Blue Ocean Robotics.

Klassen BT besøkte gjekk på spesialskulen Skolen ved Nordens Plads i Fredriksberg – ein skule for elevar med spesielle behov. Til dømes kan roboten hjelpa elevar med autisme med å øva seg på sosial kontakt. Her vart roboten brukt til sosial trening – til dømes å læra ungane å avbryta ein samtale på ein høfleg måte.

Lærarar som ser dette og uroar seg for karrieren i framtida, kan likevel pusta ut. Morten Jacobsen, pedagogisk IT-rettleiar ved skulen, fortel BT at roboten ikkje erstattar, men supplerer arbeidet lærarane.

– Det er nok sagt mest på gøy, og kjem frå manglande kunnskap om teknologiens bruk og virke, seier Jacobsen om påstanden om at robotane ein dag kan erstatta elevane.

Les meir:

På same tid som Zeno kjem inn i danske klasserom som lærar, skal den norske roboten AV1 komma inn i klasserommet som elev, for ungar som ikkje kan gå på skulen sjølv.

I fjor reiste roboten hitchBOT åleine på tur over store delar av USA, og fekk hjelp av framande på vegen.