Storbritannias nye statsminister oppsummert i sju punkt

Theresa May tek over rolla som statsminister i Storbritannia, som andre kvinne i historia. Her er ei oversikt over kor ho står i ulike saker.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er Theresa May

Etter at dei andre kandidatane som kunne ta over posisjonen som statsminister i Storbritannia har falt ut på rekke og rad, sto Theresa May igjen åleine. David Cameron har allereie annonsert at ho vil ta over statsministerstolen førstkommande onsdag – men kven er ho?

I dag er ho innanriksminister, og ho er den politikaren som har hatt posisjonen lengst dei siste 120 åra. Ho blir også den andre som går frå å vera innanriksminister til å bli statsminister – posisjonen ho har hatt dei siste seks åra er blant dei mest frykta i britisk politikk.

Ho er ti år eldre enn David Cameron, og blir den andre kvinnelege statsministeren Storbritannia har hatt – men kva meiner eigentleg Theresa May? Her får du nokre svar.

1. Innvandring er hovudsaka – reglane kan bli strengare
Theresa May har lenge vore innanriksminister og mellom anna hatt ansvar for innvandring. Det er i dette arbeidet ho har gjort seg mest kjend – og ikkje alltid positivt.

Mellom anna har ho jobba for å halda innvandringstala nede, mellom anna gjennom ein kontroversiell lov om at britar ikkje får henta ektefeller eller barn til landet, med mindre dei tener meir enn £18.600 i året, uavhengig av kva ektefellene tener. Det har ho fått kritikk for, men den største blemma ho har på samvitet når det gjeld innvandringspolitikk er noko anna, skriv The Guardian.

I 2013 hadde Theresa May og departementet ein kampanje mot ulovleg innvandring, såkalla «go home vans» – bilar som køyrde rundt i England for å åtvara ulovlege immigrantar om konsekvensane. På bilane sto også eit telefonnummer immigrantar kunne ringa, for å få hjelp til å reisa heim. Kampanjen måtte tåla mykje hån og tulletelefonar, og i alt førte kampanjen til at 11 menneske reiste heim.

Men ho har også fått sine oppturar – same år fekk ho utvist den radikale islamisten Abu Qatada, mistenkt for å vera knytt til fleire terroristhandlingar, skriv Aftenposten, som også omtalar May som tøff i innvandringssaker.

Les også: Thea Soma Tysnes vann Framtidas skrivekonkurranse om innvandring og integrering. – Det kunne vore oss, skriv tiandeklassingen.

2. Fleire kvinner får styra – meir feminisme i regjeringa.
Dei konservative – Toryane – har vore eit mannsdominert parti. Det har Theresa May allereie prøvd å gjera noko med. I 2005 starta ho kampanjegruppa Women2Win, som jobbar for å få fleire kvinnelege partlamentsrepresentantar  frå Toryane, mellom anna gjennom ei mentorordning. Det er derfor heilt ufatteleg om ikkje ei regjering leia av Theresa May vil bestå av fleire kvinner enn ei Cameron-regjering, skriv Politico.

3. Stille om miljøet – men forsiktig positiv
Theresa May har sjeldan tatt ein klar posisjon i klimaspørsmålet, og har som oftast berre stemt med partiet sitt i miljøsaker. Før jul var ho ikkje til stades under avstemminga om «fracking», ein teknikk som pulveriserer bergartar for å utvinna olje på land, skriv Greenpeace – som også har sett nærare på Mays stilling i miljøspørsmål tidlegare.

Mellom anna har ho sagt, for ti år sidan, at «regjeringa kunne gjort meir for å fremja grøn energi, i staden for å urettferdige fordelar til atomkraft». Den gong uttalte ho seg om eit forslag frå regjeringa om å gjera det lettare for husstandar å installera små kraftverk – til dømes solcellepanel – til eige forbruk.

Andrea Leadsom, som var den siste konkurrenten Theresa May hadde om statsministerstolen, er energiminister i regjeringa, og kan i utgangspunktet sjå ut som ein betre statsminister for klimaet enn Theresa May. Men så lett er det ikkje, skriv James Murray på bloggen BusinessGreen.

– Spørsmåla om hennar manglande erfaring som minister, motstridande politikk og støtte frå den klimaskeptiske delen av det konservative partiet gjer at alarmen går hos den grøne økonomien, skriv Murray.

Han meiner May er det beste klimaalternativet blant dei aktuelle leiarkandidatane i partiet, men heller ikkje han er særleg begeistra – ho er heller den kandidaten som er minst ille, mellom anna fordi ho ikkje har den same tilknytinga til klimaskeptikarane.

Murray er ein forsiktig optimist, og skriv at Theresa May kan bli hugsa som den grøne statsministeren.

Her held Theresa May ein kort tale etter at det vart klart at ho tek over som leiar av det konservative partiet. Artikkelen held fram:

Video: The Guardian

4. David Cameron sette saman regjeringa av ein «indre sirkel». Det gjer ikkje Theresa May.
David Cameron, som no går av, har måtte tåla enorme mengder kritikk i tida som statsminister. Blant anna har han blitt kritisert for å driva med «chumocracy» internt i partiet – han har gjerne prioritert gamle vener og studiekameratar frå Oxford.

Det gjer ikkje Theresa May, skriv Politico. Dei snakka med ein anonym Tory-minister som meinte at med May ved roret vil dei konservative gå tilbake til ei ordentleg regjering, der folk får posisjonane sine fordi dei er best kvalifisert for jobben.

5. Ho vil kanskje auka skulepengane
May har hatt litt delte meiningar om utdanning, og spesielt spørsmålet om skulepengar. I likskap med miljøspørsmålet er ikkje dette hovudfeltet til den påtroppande statsministeren, men ho har uttalt seg og stemt i fleire saker.

Tidleg på 2000-talet var ho ein aktiv motstandar av å auka grensa for skulepengar, men i 2010 stemte ho for å auka grensa, skriv The Guardian. Samstundes har ho støtta tiltak som legg til rette for meir gratis utdanning.

Les også: Då forslaget om skulepengar kom opp i Noreg, vart politikarane møtt med denne protesten frå studentar i Sogndal – dei stilte opp kliss nakne.

Det kan vera grunn til å vera skeptisk til Theresa May om du vurderer å studera i Storbritannia. May har stått hardt på kravet om at utvekslingsstudentar skal teljast med i den årlege kvoten for innvandrarar, og kritiserte fleire universitet for å lata studentar bli i landet lenger enn dei har visa for så seint som i fjor, ifølgje Times Higher Education. Men framtida til utvekslingsstudentar i Storbritannia vil også bli sterkt påverka av Brexit – så her kan ein ikkje sei noko sikkert i dag.

Måndag ettermiddag heldt David Cameron ei kort pressekonferanse der han annonserte at Theresa May blir den neste statsministaren i Storbritannia. Artikkelen held fram under videoen:

Video: The Guardian

6. Er Theresa May lik Angela Merkel, eller er ho berre ei kvinne?
May er den andre kvinnelege statsministaren i Storbritannia, men blir oftare samanlikna med Angela Merkel enn Margaret Thatcher. Men blir ho samanlikna med desse to, spesielt Merkel, berre fordi ho er ei kvinne? Eller har dei to andre fellestrekk?

Theresa May har fleire ting til felles med den populære tyske forbundskanslaren Angela Merkel, i alle fall ifølgje Channel 4-journalisten Cathy Newman, som skriv hos Independent.

Begge to er gift, men barnlause. Dei kjem frå kristne familiar, og er utprega ukarismatiske, skriv Newman. Men også politisk er det likskap. Både Merkel og May ligg i til høgre, men ganske sentrumsorientert. Dei er pragmatikarar, og står ikkje for ekstreme haldningar nokon stad.

I tillegg er begge kjende for å gå djupt ned i materien i saker dei skal ta stilling til, i staden for å skumma over detaljane, og begge torer å gå imot etablerte tankar. Eit døme er Merkel, som sa klart ifrå om at det tyske folket måtte opna armane – og grensene – for flyktningane.

Likevel kan eit problem oppstå i ein av likskapane, skriv Newman. Begge er veldig forsiktige.

7. Forholdet til Europa
– Brexit means Brexit, and we're going to make a success of it, sa Theresa May i ein kort tale (sjå videoen over) då det vart klart at ho tek over som leiar av Toryane.

Sjølv om May støtta Remain-kampanjen heile vegen, har ho sagt at ho respekterer resultatet i folkerøystinga, og skal gjennomføra Brexit. Likevel ser ho ikkje ut til å ha noko hastverk med å komma seg ut av unionen. Ifølgje The Week vil ho ikkje aktivera artikkel 50 – artikkelen som gjer at eit land formelt melder seg ut av EU – før i 2017.

Å forhandla med EU om eit slags «utanforskap», slik me har i Noreg, blir hovudsaka det neste året, og her kan Theresa May vera eit sterkt kort for britane. Som tidlegare nemnt er ho kjend for å vera ein sterk forhandlar, og ho har allereie lova å vera «bloody difficult» med EU-toppane i forhandlingane som ventar.

Les meir:

Tida etter Brexit har vore kaotisk, og toppa seg kanskje då ein av Leave-generalane, Nigel Farage i Ukip, trakk seg som leiar i partiet. Mange har angra på at dei stemte for å forlata EU i etterkant.

Britiske James K. Puchowski fryktar for miljøansvaret til EU etter Brexit.  

Etter Brexit måtte briten Ben Scyvier(28)ta til tårene: – No veit ingen kva som skjer