Unge Funksjonshemma fryktar at fleire kan bli uføre dersom forslaga til arbeidsminister Anniken Hauglie går gjennom.

Fredag presenterte arbeidsminister Anniken Hauglie (H) fleire forslag om innstramming i ordninga med arbeidsavklaringspengar. Om forslaga går gjennom, skal det bli vanskelegare å få arbeidsavklaringspengar og lettare å komma seg ut av ordninga. Målet er å hindra at for mange passivt tek imot stønad over lengre tid, seier Hauglie til VG.

I tillegg vil Hauglie at dei som får stønad, men som ikkje følgjer avtalen dei har med NAV, skal få eit trekk i stønaden på ti prosent.

Forslaget vart sendt ut på høyring fredag, og Unge funksjonshemma har i dag gått ut og refsa forslaget.

– Me fryktar at kutta vil føra til at fleire som kunne ha komme tilbake i jobb endar som uføre eller på andre økonomiske støtteordningar, fordi dei ikkje får nok tid og oppfølging, seier styreleiar Camilla Lyngen i ei pressemelding.

Ho er ikkje imponert arbeidsministerens plan for å gjera ordninga betre.

– Ho kjem med få konkrete forslag til betring, og brukar samstundes dette til å rettferdiggjera innskrenkingar i ordninga, seier Lyngen.

Dei siste åra har talet på unge uføre auka kraftig – i dag er det totalt 13.657 personar i alderen 18-29 år som er uføre. Det er nesten dobbelt så mange som for sju år sidan.

Les meir:

No skammar unge seg mindre for å gå til NAV. Forskarane trur namneendring og reform er grunnen.

Veldig mange under 30 tek imot stønad. Det er ein sikker veg ut av arbeidslivet, meiner NHO-sjef Kristin Skogen Lund. Ho vil fjerna heile ordninga for unge.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE