Ungdomsparti vil gjera det lovleg å kjøpa sex

Unge Høgre, Unge Venstre og FpU vil oppheve sexkjøpsforbodet, skrote hallikparagrafen og tillate bordell.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil fjerne sexkjøpsforbodet

Leiarane i ungdomspartia krev at moderpartia, Høgre, Venstre og Frp følgjer opp sine eigne partiprogram og fjerne sexkjøpslova før stortingsvalet til neste år, skriv Aftenposten. Dei siste tre åra har partia som er mot denne lova hatt fleirtal på Stortinget, men lova består framleis.

– Norsk lov set i dag sexarbeidarar i fare. Det er på tide at dei liberale partia brukar fleirtalet vi har og opphevar sexkjøpslova, seier FpU-leiar Bjørn Kristian Svendsrud og får følgje av Kristian Tonning Riise, som er leiar i Unge Høgre.

– Politiet er gått frå å vere nokon som kunne gjere sexarbeidarane trygge til nokon dei må passe seg for.

Les også: Kjønnsforskarar vil ha eit meir nyansert syn på prostitusjon – det finst fleire grunnar til å entra sexindustrien.

Ungdomspartileiarane vil ikkje ha statlege bordell, men dei vil fjerne hallikparagrafen og reglane som hindrar bordellverksemd. Også her viser dei til sikkerheita for dei prostituerte.

Tord Hustveit i Unge Venstre seier han har inntrykk av at mange også i hans eige parti synest saka er vanskeleg, men vil likevel at partiet skal vere ein pådrivar for å få bort forbodet. Han meiner sosiale problem bør møtast med sosiale tiltak, ikkje straff og politi. (©NPK)

Les meir:

Dei som trur at prostitusjonen forsvinn berre ein innfører nok lover, reguleringar og handlingsplanar, er glansbildesamlarar, skriv Bjarne Bjørnevik

Vi bør gje sexkjøpslova meir tid til å virke, og arbeide for at ho skal handhevast betre, skriv Ingrid Ophaug Dahl

Kjønnsforskar: – Færre yngre menn kjøper sex