Blåbærsesongen kan bli knallgod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blåbærsesongen var ganske sørgjeleg i fjor, og det drar vi nytte av no.

– I dårlege bærår får plantene meir energi på hausten til å danne blomsterknoppar, og då følgjer gjerne eit godt år etterpå, forklarar seniorforskar Rolf Nestby ved Norsk institutt for bioøkonomi til NTB.

Varmebølgje i blomstringstida
Det er fleire ting som skal klaffe før det verkeleg bognar. Blåbær er ei hardfør plante, og ho toler godt at det er litt kjølig. Det er likevel viktig at hausten ikkje blir for kald når blomsterknoppane blir danna, og temperaturforholda i fjor var gode.

Når planten kjem i blom, skal det helst vere varmt og fint for pollinering. I år trefte ei varmebølgje store delar av landet på forsommaren, nettopp i den perioden blomstringa skjedde.

– Blåbær blomstrar tidleg, omtrent samtidig med at blada skyt ut. Då er vi avhengige av godt vêr og at det er insekt til stades, seier Nestby.

Dobbelt så mykje som vanleg
I Sverige viser målingar at det er venta dobbelt så mykje bær som i eit gjennomsnittsår i store delar av landet. I Sør-Sverige er det venta opptil to gonger så mykje som normalt.

Sveriges landbruksuniversitet har dei siste 13 åra utarbeidd prognosar for blåbærhausten, og sesongen i år lèt til å bli den beste sidan målingane starta, skriv TT. Berre dei nordlegaste områda kan «berre» vente seg eit normalår.

I Noreg har ein ikkje tilsvarande prognosar, men Nestby seier det er mykje som tyder på at det blir like gode forhold her. Han kjenner forholda best i Midt-Noreg, men har rekognosert så langt nord som Harstad.

– Vi ser at det er mykje blomster, og det lèt til å bli veldig bra, seier han.

Sopp kan øydeleggje
Ola Langvall ved Sveriges landbruksuniversitet peikar på ein annan mogleg årsak til at det blir rekordstore mengder blåbær i år. For eit par år sidan var mars månad uvanleg kald, og mange blåbærris bukka under. Mange av desse har sidan henta seg rikeleg inn.

– Vi har også data der vi har følgt same plante gjennom fleire år. Dei viser at i år har vi liten svikt mellom blomstring og modne bær. Det er ganske enkelt få blomster som ikkje blir bær, seier Langvall til TT.

Det som eventuelt kan øydeleggje for rekordsesongen, er om resten av sommaren skulle bli spesielt våt og kald.

– Dersom det først er blitt kart på planten, blir det gjerne bær. Men dei kan bli øydelagde dersom dei blir angripne av sopp. Då vil ikkje karten utvikle seg særleg, og kvaliteten bli dårleg, seier Nestby.

Blåbær, som eigentleg er ein dvergbusk, er den klart mest dominerande skogsplanten vi har her i landet, og den finst frå sør til nord og frå fjære til fjell. Planten veks heilt til 1.700 meter over havet.

– Den liker seg der det er sur jord, gjerne der det er mykje furu. Dersom det er for gode jordforhold, blir den utkonkurrert av andre planter, seier Nestby. (©NPK)

Les meir:

Det ser ikkje like lovande ut for jordbærsesongen – no slår Bama jordbæralarm.

I år finn du ikkje berre mykje blåbær i naturen – du kan også risikera å finna ekstra mykje flått.