Bama slår alarm: Den verste jordbærkrisa nokosinne

Bama anslår at det blir produsert 40 prosent mindre bær enn planlagt nasjonalt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bama: No kjem jordbærkrisa

Soppangrep har øydelagt meir enn halvparten av jordbæravlingane til bønder i Agder og Rogaland.

– Dette har vi aldri sett maken til. Det har aldri vore så mykje skade på bæra som det vi har sett akkurat no. Vi har mista cirka 40 prosent på landsbasis, og det har store konsekvensar for produsentar og alle som omset bær, seier Roger Utengen, kategorisjef bær i Bama, til NTB.

Den norske jordbærsesongen startar på Sørlandet, og det er også der dei har blitt ramma hardast av gråskimmelsoppen så langt. Frykta er at soppen har blitt resistent mot plantevernmidla som blir brukte.

– Vi veit ikkje kva vi skal gjere. Vi er veldig interessert i å finne ut kva som skjer. Plantene kan bli resistente, og det har vi sett i utlandet. Bransjen må finne ut av dette saman, seier Utengen. (©NPK)

Les meir:

Kanskje dette er ei løysing? I «Nemo's Garden» dyrkar dei jordbær under vatn.

Klimaet påverkar mykje – varmen gjer mellom anna at det blir meir flått i naturen.