Sverige: To av tre lærarar i vidaregåande har vurdert å slutta
Dårleg arbeidsmiljø, løn og lite moglegheit for framgang er grunnane. No nærmar det seg lærarkrise i Sverige.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
To av tre lærarar vil slutta i Sverige
– Dette er ein alvorleg situasjon. Me treng fleire lærarar, ikkje færre, seier Åsa Fahlén, ordstyrar i Lärarnas Riksförbund, til Skolvärlden.se. Dei skriv om ei undersøking forbundet har fått gjennomført etter at den svenske reforma for vidaregåande vart innført i 2011.
Rapporten inneheld fleire nedslåande tal:
Éin av fire elevar fullfører vidaregåande utan fullstendig vitnemål.
Færre og færre går på yrkesfag.
Sju av ti lærarar seier dei ikkje får nok tid til å skapa gode relasjonar til elevane.
Over halvparten av lærarane meiner at tida dei får til å undervisa ikkje er nok til å nå grunnmåla i reformen.
– Tala viser at lærarar vil ha betre moglegheiter til å gjera ein god jobb enn det dei har i dag, seier Åsa Fahlén til Skolvärlden.
Les meir:
Liberalerna, det svenske søsterpartiet til Venstre, vil løfta krava i lærarutdanninga i Sverige.