Arild Hermstad (Framtiden i våre hender), Truls Gulowsen (Greenpeace) og Lars Haltbrekken (Naturvernforbundet) ser tilbake på karrieren.

Dagsavisen har intervjua dei tre miljøtoppane, som til saman har leia tre store miljøorganisasjonar i Noreg i 40 år. Arild Hemstad har vore leiar av Framtiden i våre hender sidan 2001, Truls Gulowsen har leia Greenpeace i Norge sidan 2004, og Lars Haltbrekken har vore på toppen i Naturvernforbundet sidan 2005.

Hermstad: Ut av kolindustrien
Den største sigeren for Arild Hermstad er todelt: Då Oljefondet etablerte etiske retningslinjer i 2004, og då dei trakk seg frå kolindustrien i fjor.

Nederlaget er han klar på:

– København-toppmøtet i 2009 var ein stor nedtur, og sjølvsagt at utsleppa av klimagassar i Noreg ikkje går ned, seier Hermstad til Dagsavisen.

Gulowsen: Det tek for lang tid
Truls Gulowsen har ei liste med sigrar: Elbilpolitikk, regnskogsatsing, siger mot palmeolje og fleire oppturar i Lofoten. Også han trekk fram at Oljefondet trakk seg frå kolindustri i fjor.

Det største nederlaget er trege politikarar.

– At det har tatt så lang tid å få folk og politikarar til å innsjå at me må gjera meir for klimaet enn å oppfylla dei første museskritta i Kyotoprotokollen, har gjort at verda har mista 15 år, seier Gulowsen i intervjuet.

Haltbrekken: Tapet i Førdefjorden
Lars Haltbrekken er nøgd med at oljeindustrien enno ikkje har rykka inn i Lofoten, Vesterålen og Senja, og ser på mobiliseringa frå miljøorganisasjonar og fiskarane som ein viktig grunn til dette.

Men på vestlandet måtte han sjå eit tap for miljøkampen.

– Tillatinga til å bruka norske fjordar som avfallsplass for gruveindustrien var eit stort nederlag – men her slåss me vidare, seier Haltbrekken til Dagsavisen.

Les meir:

James K. Puchowski fryktar for miljøansvaret til Storbritannia etter Brexit.

2015 vart eit rekordår for miljøorganisasjonane – då samla dei over 100.000 medlemmar til saman.

Framtida.no skriv mykje om miljøet – du finn meir her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE