Frå hausten av skal studentane verte betre rusta for å avdekkje og handskast med overgrep. – Det har dei sagt i 30 år, seier sexolog.

mm

– Me må læra dei om gode og vonde hendingar, opplevingar, berøringar og hemmelegheiter. At ein god hemmelegheit gjer at det kilar i magen, medan ein vond hemmelegheit gjer vondt, seier sexolog Margrete Wiede Aasland ved Institutt for klinisk sexologi og terapi (IKST).

Ho meiner at kunnskapen om seksuelle overgrep hjå yrkesgrupper som jobbar med barn er for dårleg og at lærarutdanninga skil seg ut ved å ha minst fokus på seksualitet og seksuelle overgrep,

Ho er sjølv pedagog med brei erfaring frå barnehage. I tillegg har ho arbeidd med problematikken rundt seksuelle overgrep for barn gjennom Redd barna og reiser rundt i heile landet for å halda foredrag på universitet og høgskular.

– Urovekkande
Frå og med august skal studentar på barnehage- og lærarutdanninga få obligatorisk opplæring i å sjå teikn på vald og seksuelle overgrep.

Wiede Aasland er glad for initiativet, men peikar på at det same har vorte sagt i fleire tiår.

Tidlegare i vår kom rapporten «Takk for at du spør!». Studien er gjort av Nasjonalt kunnsskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag for Redd Barna og tek for seg kunnskapen komande barnevernspedagogar, grunnskule- og førskule får om overgrep i utdanninga.

Rapporten var ei oppfølging frå 2007 og slo fast at det har vorte meir undervisninga om seksuelle overgrep i studia, men at studentane likevel ikkje rapporterer eit betydeleg auka fokus på dette temaet.

Eit fleirtal av dei nyutdanna opplever ikkje at dei har fått tilstrekkeleg kompetanse til å kunne hanskast med seksuelle overgrep i praksis og etterlyser meir undervisning.

– Det meiner me er urovekkande. Lærarar og førskulelærarar er i den særeigne situasjonen at dei ser barn dagleg og over tid. Det gir dei høve til å observera barns trivsel, endring i åtferd, teikn på skadar og andre signal som kan tyda på om barn lev i ein vanskeleg situasjon. Dei har difor ei viktig rolle både når det gjeld førebygging og intervensjon, skriv rapportforfattarane Carolina Øverlien og Linda Holen Moen.

Denne rapporten er ein av årsakane til at utdanninga vert endra.

Men sjølv om endringa i rammeplanen trer i kraft frå 1. august er ikkje lagt opp nokon mal for undervisninga. Skulane og kommunane kan velje om dei vil gjere det sjølve, eller invitere nokon inn til å undervise om temaa.

Ifølgje Wiede Aasland har det altfor lenge vore opp til lokale eldsjeler om dette er eit tema som vert prioritert.

Snakk konkret om kroppen
Sexologen meiner det er både foreldra og skulen sitt ansvar å snakka om gode og vonde berøringar, slik at barn veit forskjellen og lærer at kroppen er noko som er berre deira.

– Om vaksne vil ta deg på tissen, så har dei ikkje lov til det. Me må vere såpass konkrete og forklara at om nokon gjer noko med deg som ingen andre gjer, så må du seie ifrå. Barn veit når nokon trør over grensene deira, men manglar ofte orda til å forklara det. Folk kan vere så snille som berre det, men likevel gjera ting som ikkje er snille.

Vidare oppmodar ho foreldre til å respektera barna sine eigne grenser, ved å ikkje pressa dei til å klemma mot sin vilje. 

Pedagogen innser at seksualundervisning i tidleg alder er kontroversielt for somme, men trur det er viktig at barn veit korleis barn vert til.

– Då kan barnet tenkje: «Slik gjer pappa med meg, men å laga barn er ikkje noko ein gjer med barn. Det er mellom to vaksne».

Les også:

Frå hausten skal ferske lærarar kunne sjå etter teikn på vald og seksuelle overgrep hos barn og unge.

Rettssaka som starta etter ho vart valdteken, er noko av det vanskelegaste og viktigaste Line Rødseth har vore igjennom. No vil ho hjelpa andre.

Nedslåande statistikk: Éi av fire jenter har blitt seksuelt krenka. Ofte er det jamaldra gutar som står bak.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE