«SMS-språk» og sidemålsundervisning har i all hovudsak flest positive effektar i følgje språkmannen Jan Olav Fretland. Han går imot den ferske prisvinnaren Jon Hustad.

Ole Ramshus Sælthun, Porten.no
Ole Ramshus Sælthun, Porten.no

Saka er henta med velvilje frå Porten.no

– Jon Hustad er ein utprega synsar og meiner langt på veg det same som professor Finn-Erik Vinje. Eg vil ta utgangspunkt i det me faktisk veit om dette, og forsking tyder ikkje på at sidemål svekkjer læring. Det er heller motsett, seier dosent i norsk ved lærarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland.

– Intellektuelt utbyte på andre områder
Journalist og forfattar Jon Hustad fekk tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2016 under Dei nynorske festspela helga som var. Hustad nytta høvet til  å framføra sine meiningar om sidemålsundervisning i den norske skulen:

– Nynorsken står sterkt der vestlendingar er. Det er ein annan mentalitet på Austlandet. Vi må hugse på at språket vårt er vanskeleg både for oss sjølve som brukar det, og dei andre. Og eg har kome så langt at eg ikkje lenger ser det fruktbare i sidemålsundervisninga, sa Hustad.

Han meiner altså for det første at å ha tospråklegheit i skulen øydelegg det norske folket si haldning til nynorsk – at elevar med bokmål som hovudmål ser ned på nynorsk fordi dei må læra noko dei ser på som unødvendig. 

– I tillegg er det ei oppfatning, med opphav i Finn-Erik Vinje, om at ein tek tid frå undervisninga i hovudmål til sidemålsundervisning, og at elevane difor blir dårlegare i hovudmål. Eit stort forskingsprosjekt som nyleg er avslutta viser det stikk motsette; at å forholda seg til to skriftspråk som er ganske like gir intellektuelt utbyte på andre områder. Truleg kan altså dette med undervising i to skriftmål føra til betre bokmålsskrivarar også, seier Fretland.

Forskinga han syner til er prosjektet Lærande Regionar i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane, støtta av Norges Forskningsråd. Prosjektet undersøkte kva som gir så gode skuleresultat i Sogn og Fjordane, der ein av forklaringane er nettopp tryggleik i to målformer.

– Meir lærarane enn elevane sin feil
For bokmålselevane sitt vedkomande er Fretland samd i at det finst ymse haldningar til nynorsk. 

– Det er reelt at mange er sinte på nynorsk og ser på det som unødvendig å læra. Men her må ein nok skulda meir på lærarane enn elevane. I nynorskundervisninga skjer det for ofte at ein byrjar med grammatikken, og at det såleis blir ei haldning om at nynorsk berre skal brukast når ein må plagast med å læra det. I staden bør elevane byrja tidleg å lesa nynorsk, og kanskje tulleskriva på nynorsk i starten. 

Ei anna utvikling som fell tungt for nynorskbrystet til Jon Hustad er at nynorskbrukarar i stor utstrekning nyttar dialekt når dei skriv i sosiale media, såkalla «SMS-språk»:

– Utan normerte former ryk nynorsken, trur eg – sjølv om eg sjølv ikkje har planar om å slutte med det, sa han i samband med prisutdelinga.

– Masse språkleg frigjering i «SMS-språket»
Jan Olav Fretland har vore leiar i Norsk Språkråd og starta nyleg verksemda Fretland & Fretland med sonen Jostein der dei driv med språk- og tekstkonsultasjon, omsetjing av tekstar og kursing i emne knytt til språk- og tekstkkunnskap. Han deler ikkje Hustad sin bringeverk rundt SMS-språket: 

– Det finst ein tese av Vinje at SMS-språket slår inn i  skriftspråket. Så ser det annleis ut når folk byrjar å forska på det. Berit Skog ved NTNU har gjort det, mellom anna har ho forska på bruk av SMS-språk i Trondheim – der brukar ungdom svært mykje dialekt i dette språket. Dette viser seg slett ikkje å vera gale, men tvert om veldig bra. Sosiale medium er for ganske mange den einaste plassen dei skriv heilt frivillig. Det ligg masse språkleg frigjering i å skriva på dialekt. Då kan ein anten irritera seg over rettskrivingsfeil eller gle seg over at fleire skriv og ytrar seg enn dei ville ha gjort utan desse media. Til slutt handlar det faktisk om demokrati.

Når det gjeld påverknaden «SMS-språket» har på nynorsken er Fretland meir todelt: 

– Undersøkingar syner at dei fleste elevar er veldig klatre over skilnaden mellom å skriva stil på skulen og å skriva i sosiale media. På den andre sida, og då er me over på synsing: at me skriv i så mange ulike sjangrar, og moglegvis meir bokmålsprega i sosiale medium, kan tæra på noko av respekten for nynorsk som normalspråk. Men det er nesten nøydd til å vera slik ettersom bokmål omgir oss overalt. Så må me jobba for å utsetja elevar for mest mogleg nynorsk.

Les meir:

Jon Hustad starta debatt då han fekk nynorskpris førre helg – meiner sidemålsundervisinga bør avviklast.

Martine Rørstad Sand er Årets nynorskbrukar – ho har kanskje gjort det viktigaste målarbeidet sidan Ivar Aasen.

Nynorsken er ikkje berre ei pine for elevar på austlandet – den kan også brukast til å laga årets beste teikneserie, slik Anja Dahle Øverbye gjorde.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE