Eit reisebrev frå arktiske forskarar

Turid Haugen
Turid Haugen
Faktaboks

Universitetssenteret på Svalbard (UNIS)

Har sidan starten i 1993 utdanna studentar innan arktisk geologi, biologi, teknologi og geofysikk. Kursa er på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. UNIS har som mål å medverke til utviklinga av Svalbard som ein internnasjonal forskingsplattform. Dette vert spegla mellom anna i at studentane frå 2015 kom frå 44 forskjellige nasjonalitetar.

Hornsund

Polsk forskingsstasjon på Sørvest-Spitsbergen med bemanning heile året. Ved stasjonen vert det forska mellom anna på seismologi, meteorologi, biologi og glasiologi. Om lag 10-12 personar bemannar stasjonen.

Ny Ålesund

Var opphavleg ein gruveby. Etter fleire alvorlege ulukker med den alvorlegaste i 1962 måtte kulldrifta stengjast av. Etter dethar byen gradvis utvikla seg mot aukande forskingsaktivitet, og særleg frå 1990-talet har forskinga for alvor etablert seg.  Staden er prega av eit internasjonalt miljø, og fungerer som observatorium og laboratorium, samt som utgangspunkt for feltarbeid. Om vinteren bur det omlag 30 personar i Ny-Ålesund, men talet aukar til omlag 150 om sommaren.

Plasseringa til Ny-Ålesund i Kongsfjorden på Nord-Vest Spitsbergen gjer dette til ei av verdas nordlegaste busettingar.

Kjell-Henriksen observatoriet (KHO)

Nordlysobservatorium med hovudfokus på dagnordlys. Kalla opp etter Professor Kjell Henriksen (1938-1996), som var pådrivar for å etablere den fyrste nordlysstasjonen ved Longyearbyen i 1978. Nordlysmeldingar som vert laga ved observatoriet er tilgjengelige gjennom appen «Auroral Forecast». UNIS er eigar, og ved opninga i 2005 var 16 organisasjonar frå 7 land på plass ved KHO.

Norsk Polarinstitutt

Direktorat under klima- og miljødepartementet med fokus på forsking, kartlegging og miljøovervaking av Arktisk og Antarktis. Fungerer som rådgjevar og kunnskapsleverandør for dei norske styresmaktene i polarområda.

Kjelder:

Arlov, Thor B. Svalbards historie. Tapir Akademisk Forlag, 2003.

Elvevold, Synnøve, et al. Geoscience Atlas of Svalbard. Norsk polarinstitutt, 2015.

Kings Bay sine nettsider: http://kingsbay.no/

Kjell Henriksen Observatoriet sine nettsider: kho.unis.no

Forskning.no, nettavis om norsk og internasjonal forskning: www.forskning.noArtikkel: «Nytt nordlysobservatorium på Svalbard». Lasta ned 31.05.2016.

Norsk Polarinstitutt sine nettsider: http://www.npolar.no/no/

Ny-Ålesund Science Manager committee sine nettsider  http://nysmac.npolar.no/

Sysselmannen sine nettsider: www.sysselmannen.no

Universitetssenteret i Svalbard sine nettsider: www.unis.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Forsking innan arktiske emne er eit av dei mest sentrale forskingsområda for Noreg, og dei seinare åra har interessa og fokuset på arktisk forsking økt. Forskingsmiljøet på Svalbard er særdeles viktig i dette arbeidet. Sentrale aktørar i dette arbeidet er mellom anna Norsk Polarinstitutt, Universitetssenteret på Svalbard, Kjell Henriksen Observatoriet og forskingsstasjonane i Ny-Ålesund og Hornsund. Svalbard Science Forum har ansvaret for informasjon og koordinering av all forsking på Svalbard.

Internasjonalt samarbeid
Eit av kjenneteikna for forskinga på Svalbard er at den i stor grad er feltbasert, og for mange forskarar er feltarbeidet eit høgdepunkt i løpet av året. Då har ein høve til å sjå alt ein har lært i røynda, og om det er spesielle ting ein vil undersøkja nærare er det då ein har sjansen. Og kanskje vert resultatet at ein kan tilføra ny kunnskap til eksisterande forsking. Både tradisjonelt og i dag er samfunnet på Svalbard prega av å vera internasjonalt, noko som også vert spegla i forskinga, der det er vanleg at fleire nasjonar samarbeider.

Sjølv skriv eg masteroppgåve innan berggrunnsgeologi og har vore så heldig å få vera med på geologisk feltarbeid i tre somrar. Når vi gjer feltarbeid, undersøkjer vi fjella som på Svalbard for det meste er danna av sedimentære bergartar. Ein sedimentær bergart er danna av partiklar som fyrst er frakta med vatn eller vind og deretter avsett. Når vi kjem til ein lokalitet er det fyrste vi gjer å observera fjella på avstand for å få oversikt og danne oss eit bilete på kva for bergartar vi kan forvente å finne. Deretter startar vi på botnen av fjellet og jobbar oss oppover. For kvar einaste meter vert observasjonar om strukturar i fjellet, kornstørrelse og fossil skrivne ned. Ofte tek ein med seg prøvar av steinar ein tykkjer er spesielt interessante. Prøvane kan til dømas nyttast til å sjå på mineralsamansetning eller på ørsmå fossil gjennom mikroskop. Til saman kan alle observasjonane gje ein peikepin på korleis miljøet var då bergarten vart avsett.

Svalbard driv nordover
Svalbard har gjennom millionar av år drive frå om lag 30 gradar sør til 78 gradar nord, der øygruppa ligg i dag. På ferda har øygruppa gått gjennom mange klimasoner og veldig variert miljø. Her kan ein sjå fossil etter dei fyrste landplantene på jorda. Nokre millionar år seinare traska dinosaurane rundt, samstundes som fiskeøglene og svaneøglene rådde i grunnhavet.Då dinosaurane døydde ut vart det plass til  pantodontane som er eit av dei tidlegaste pattedyra vi kjenner til. Den geologiske lagrekka på Svalbard vitnar òg om ei dramatisk historie der nesten alt liv på jorda vart utrydda. Bergrunnen fortel om korleis utryddinga gav plass til nye artar og korleis livet gradvis kom attende. Alt dette har forskarane gradvis funne ut gjennom feltarbeid og systematisk arbeid!

På feltarbeid på Svalbard er det ikkje alt som kan planleggjast. Til dømes kan isbjørn eller sjøis gjere at ein må justere planen for dagen. Foto: Turid Haugen

Ting går ikkje alltid etter planen
Ved feltarbeid må ein søkje Sysselmannen om løyve dersom ein skal inn i nasjonalparkane. I blant får forskarar høve til å reise til stadar der svært få ferdast. Det er fagleg spanande å besøkje stadar som enno ikkje er fullt ut forstått, og ein kjenner seg audmjuk og takksam når ein får lov til å vera gjest i den arktiske øydemarka. Der er det naturen som rår, og det må ein ta omsyn til både under planlegging og gjennomføring av feltarbeidet. På Svalbard må ein alltid vere førebudd på at ting ikkje alltid går etter planen, og ein må kunne vere fleksibel og sjå løysingar om ikkje alt vert slik ein hadde tenkt. Dei somrane eg har vore på feltarbeid har vi ofte budd på ein stor båt og så køyrt inn til land med gummibåtar. Nokre dagar er det for store bylgjer, tett tåke eller for mykje drivis til at det er mogleg å ta seg inn til land. Andre dagar er det kongen sjølv, isbjørnen, som står i vegen, og då vil vi helst ikkje forstyrre. Eller kanskje er nett den delen av fjellet ein er spesielt interessert i dekka av lausmasser, sånn at ein må reise til ein anna lokalitet for å sjå nærare på den delen.

I blant bur vi i telt eller hytte på land. Då er det ekstra omsyn å ta. Når ein bur i telt må ein ha vaken isbjørnvakt om natta. Då deler vi natta på talet deltakarar, og så må alle ta sin del av nattevakinga. Det går med andre ord med mykje tid til praktiske oppgåver, så den tida ein har til å faktisk gjera feltarbeid er dyrebar. Då gjeld det å vera effektiv når ein gjer feltarbeidet! Eit stort føremonn med sumaren på Svalbard er midnattssola. Då slepp ein å tenkje på at ein må heim før det vert mørkt om kvelden, og ein kan ta ein lang dag og gjere seg ferdig med lokaliteten, og så heller ta ein kviledag dagen etter.

Vi venter på å verta plukka opp etter fem dagar med geologisk feltarbeid på Bjørnøya. Foto: Turid Haugen

Når du kjem tilbake til kontoret, kan det vera for seint
Mange tenkjer kanskje at det å gjere feltarbeid på ein såpass aude plass som Svalbard er einsamt, men slik er det ikkje. På grunn av at ein må ta ekstra omsyn til tryggleik er ein alltid minst to i felt. Det er også eit føremonn reint fagleg, sidan ein då kan diskutera det ein ser i felt, noko som alltid er svært lærerikt.

Når hausten og vinteren kjem ventar mange timar på kontoret. All data som er samla inn skal analyserast og samanliknast med eksisterande forsking. Det er spanande og motiverande å arbeide med eigne data. Men nokre gongar er det frustrerande når ein oppdagar at det er ting ein gjerne skulle ha sett nøyare på i felt, eller om ein ikkje har teke bilete av nett det som spesielt interessant. Ein god regel for feltgeologar er difor at ein aldri kan ta nok bilete! Ein annan regel som gjeld for Svalbard er at ein aldri kan rekne med å koma attende til den same lokaliteten to gongar. Konsekvensen av det er at om ein oppdagar at ein ikkje har fått inn dei data ein ynskjer når ein kjem attende på kontoret kan det ofte vera for seint.

Kva er den praktiske nytta?
Målet er at observasjonane frå feltarbeidet skal føre til ny kunnskap innan fagfeltet. Som forskar vil det si at ein publiserer ein vitskapleg artikkel. For oss studentane inneber det å skrive rapportar, bacheloroppgåve eller masteroppgåve. Så kva praktisk nytte har eigentleg denne forskinga? Ein del av det er grunnforsking. Det vil seie at ein søkjer ny kunnskap for kunnskapen sin eigen del. Men mykje av forskinga har også praktisk nytte.

Til dømes kan kartlegging av geologien på Svalbard gje ein peikepinn på om og kvar det finst olje eller gass i Barentshavet. Tolking av avsetningsmiljø hos bergartar kan gje kunnskap om korleis klimaet var før, som igjen kan hjelpe oss til å forstå korleis klimaet i dag utviklar seg. Kunnskap om masseutrydding av artar kan samanliknast med kor raskt artar forsvinn no.

Nokre geologar forskar på klimaet i dag. Då ser dei mellom anna på korleis isbreane og havisen utviklar seg. Men geologi er berre eit av mange område det vert forska på her på Svalbard. Andre sentrale forskingsområde er biologi, teknologi og geofysikk. Og sjølv om det har vore enorme framsteg sidan den aller fyrste forskinga på Svalbard på 1700-talet, er det fortsatt uendeleg mykje som ikkje er fullt ut forstått. Med andre ord er det mykje å fordjupe seg i for den som er nyfiken og lar seg fascinere over nordområda!

Meir å lesa?

Denne artikkelen er levert frå ein forskarekspedisjon på Svalbard – fire jenter, to bikkjer og ei seljefløyte reiste ut i den arktiske villmarka.

Bård Blæsterdalen (28) og Gard Christophersen (29) skal vidareføre ein gamal del av Svalbard si kulturhistorie. Dei skal ut på overvintringsfangst og leve av det den karrige arktiske naturen gjev dei av vilt og fisk i eitt år.

Innbyggarane i Longyearbyen kasta rundt 170 kilo kvar i fjor – halvparten av det folk i resten av Noreg kastar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE