Ivar Aasen får sin eigen «Walk of Fame»
No skal Ivar Aasen som merkevare lyftast. Og gågata i Ørsta får sitt eige Walk of fame – med Ivar Aasen-sitat i fortau.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka er henta med velvilje frå Møre-Nytt
Gunnar Knutsen i foreininga Ørsta Sentrum kom på den spenstige ideen om å leggje messingplater i 8–10 av steinane i gågata med sitat frå Ørsta si største merkevare, Ivar Aasen.
– Eg har registrert at nokon i bygda har hatt ønske om at Ørsta sin store nynorsk-son burde presenterast i Vikegata i høve identitetsbygging av Ivar Aasen og Ørsta som den definitive nynorskkommunen i landet. Folk i Ørsta er veldig opptekne av det nynorske målet, det ligg i ryggrada vår. Og då vil vi gjerne bruke språket også på den måten vi no legg opp til, forklarar Knutsen.
Han ser føre seg at folk flest kan vere med og bestemme kva slags sitat som skal stå på messingplatene i fortauet.
– Folk kan gå inn på Ørsta Sentrum si Facebook-side og foreslå sitat. På den måten er ørstingane med og avgjer Aasen-sitata som det er veldig mange av, seier Knutsen.
Han har sjølv foreslått sitatet til den første steinen: «Lat den ganga Fyre,som Vegen veit».
Finansiering
I samband med finansiering av Aasen-sitata oppmodar Ørsta Sentrum butikkane om å kome på bana.
– Viss butikkane ønskjer å bidra til å finansiere steinane, kan dei også få sin eigen stein utanfor butikken sin. Det bør vere attraktivt, vurderer Janne Grytten Skarstein og Gunnar Knutsen i Ørsta Sentrum.
Dei synest det er bra at Ivar Aasen også vert heidra gjennom den lokale Walk of fame i Ørsta. Og meir kan kome:
Paraply-huset
– I enden av gågata, i glasa til det tidlegare paraply-huset, kan der kanskje kome meir informasjon om Ivar Aasen. Vi oppmodar Aasen-tunet om å vere med på dette. Alt dette handlar om merkevarebygging. Det som no skal gjerast er også eit lyft i samsvar med Dei Nynorske Festspela, og det passar godt at den første steinen vert lagt i gågata før festspela opnar.
Ørsta kommune har velsigna opplegget, og komunegartnar Olav Saure og staben hans skal utføre arbeidet med å leggje på plass sitat-steinane.
No blir Dei Nynorsk Festspela arrangert i Ørsta!
Martine Rørstad Sand er årets nynorskbrukar – dama bak nyhendestraumen din på Facebook!