Martine Rørstad Sand er dama bak nyhendestraumen din

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det starta med at ho fann mange tøyseord på liksom-nynorsk og setningar som heilt tydeleg berre var ei omsetting ord for ord frå engelsk. Året var 2008 og Facebook hadde akkurat opna opp for ein nynorskversjon, men denne måtte omsettast av brukarane sjølve. Det førte i starten til litt ymse kvalitet.

– Eg blei litt oppgitt, når vi endeleg hadde fått Facebook på nynorsk måtte det jo vere på bra nynorsk, ikkje slik at det støytte folk vekk. Eg skulle først berre rette opp noko som var feil. Men så, vel, eg likar å fullføre ting, smiler Martine Rørstad Sand.

26-åringen frå Sula på Sunnmøre har dei åtte siste åra lagt ned eit uvisst tal frivillige arbeidstimar for at nynorskversjonen av Facebook skal vere lett å forstå, med eit språk som flyt godt. Tidlegare i vår blei det klart at innsatsen hennar har blitt lagt merke til, då Nynorsk kultursentrum kåra henne til Årets nynorskbrukar. Prisen på 100.000 kroner får ho i hendene under Dei nynorske festspela torsdag 23. juni.

Mange brukar Facebook på nynorsk – men dei skriv gjerne på dialekt.

Reinskar vekk stussinga
Martine Rørstad Sand er oppteken av at språket skal vere naturleg når ho omset Facebook frå engelsk til nynorsk.

– Det er viktig at enkeltsetningane skal tale for seg sjølv og at både bestemor og veslebror kan forstå dei. På ei slik side skal ein ikkje stusse over noko. Viss folk ikkje forstår det dei les, kan det hende dei går tilbake til engelskversjonen, seier ho.

Ho likar å arbeide med heile avsnitt, formulere dei på nytt, ikkje berre ta føre seg ord for ord. Enkeltord, spesielt for nye funksjonar på nettsida, kan vere litt skumlare.

– Ei stund var det ei konflikt mellom orda tilleggsfunksjon og attåtfunksjon. Eg ville gå for tilleggsfunksjon, då eg meiner ein skal bruke ord som er naturlege for folk i daglegtale. Men no har det gått over til å heite app. Orda bør vere korte og passe på mobilflater, seier Rørstad Sand

For tida driv ho og grublar på korleis ho skal ordlegge seg når ho skal ta til på omsettinga av den nye Facebook-funksjonen der du kan velje kven som skal få tilgang til å gjere sida di om til ei minneside viss du døyr.

– Det er eit evigvarande arbeid, men eg blir ikkje demotivert av det. Alt endrar seg heile tida på nett, slik er det berre.

Vågar å tenke sjølv
Noko av det som motiverer Martine Rørstad Sand til å halde fram med omsettinga, er at nynorsk skal vere synleg på nett og at folk ikkje skal ta for gitt at norsk er det same som bokmål. Når ho har sett på bokmålsversjonen av Facebook, har ho ofte tenkt at setningane der kanskje ikkje er like gjennomarbeidde som nynorskversjonen.

– Eg synest bokmålsfunksjonen er meir engelskaktig, den har mange ord og er litt rart formulert. Kanskje er det slik fordi dei er redde for å skilje seg ut og formulere noko på eiga hand, det går kanskje meir på autopilot, undrar Martine Rørstad Sand.

Sjølv om folk ho møter berre har positive kommentarar til det ho driv med, har ho også sett på ulike nettforum at folk har kritisert arbeidet ho gjer.

– Dei er provoserte over at eg skriv på nynorsk og brukar tid på å omsette. Men det gjer meg berre meir gira og får meg til å tenke at eg skal jammen vise dei, smiler ho.

Digital dugnadsånd
I grunngjevinga for at Martine Rørstad Sand er Årets nynorskbrukar, la juryen vekt på at ho gjer det lettare å vere ung eller eldre nynorskbrukar i den digitale kvardagen.

– Eg blei ganske overraska då Ottar Grepstad ringde meg og sa at eg skulle få prisen, samtidig synest eg det er veldig fint at Nynorsk kultursentrum verdset dugnadskulturen på nett, seier Rørstad Sand.

Ho viser til at det er mange nynorskbrukarar blant dei som sit og kodar, og ho ønskjer seg gjerne fleire som vil bidra med omsetjing.

– Det er veldig ope for at fleire kan bidra, både på Facebook og i Firefox. Wikipedia treng masse nynorsk-artiklar, og Twitter er framleis ikkje på nynorsk sjølv om eg veit mange har etterspurd det, fortel ho.

Kva Martine Rørstad Sand skal bruke prispengane på, har ho ikkje bestemt seg for. Først må ho sjå om får seg ein jobb, til hausten er ho nemleg ferdigutdanna lektor med ein master i digital kommunikasjon og kultur i lomma.

– Eg har søkt ein del lærarstillingar, og har veldig lyst til å arbeide med språk. Eg vil ha ein jobb der eg kan utgjere ein forskjell, ha litt framgang kvar dag. (©NPK)

___________________________________________________________________________

Facebook og nynorsk går tydelegvis godt saman. Desse teikneseriane gjorde det populært å læra nynorsk grammatikk.

Er Facebook noko me vil gå lei av  snart? Desse forskarane trur nesten 80 prosent av brukarane vil forsvinna innan 2017.

Og fekk du med deg det krampaktige familieportrettet med Kristoffer Joner som tok heilt av på Facebook?

Faktaboks

Martine Rørstad Sand (1989)

Frå Sula i Møre og Romsdal

Utdanna norsklærar

Tek master i digital kommunikasjon og kultur ved Høgskolen i Hedmark

Skriv masteroppgåve om bruk av dialekt på Facebook

Sand har æra for at nynorsk er eit av meir enn 100 menyspråk i Facebook etter at ho har omsett 27 000 ord

Har omsett Nintendo Wii U-spelet «Skuggemeisteren» til nynorsk

Har også omsett programvare for operativsystemet Ubuntu

Årets nynorskbrukar 2000–2015:

2015 Kunsthistorikaren og journalisten Jorunn Veiteberg

2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2013 Filosofen Gunnar Skirbekk

2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2011 Bloggar Linda Sæbø

2010 Forfattar Maria Parr

2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas

2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad

2004 Musikkgruppa Side Brok

2003 Redaktør Martin Toft

2002 Ringstabekk skole

2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

Kjelde: Aasen-tunet