– Facebook vil døy ut som ein sjukdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil døy ut som ein sjukdom

Ved å samanlikna den raske veksten til Facebook, og utviklinga av ein epidemi, har forskarar ved Princeton-universitetet laga ein modell som viser at Facebook kan mista fire av fem brukarar mellom 2015 og 2017.

– På same måte om sjukdommar, har idear med seg å spreia seg fort mellom folk før dei til slutt døyr ut, skriv forskarane John Cannarella og Joshua A. Spechler i ein artikkel på arXiv.

LES OGSÅ: Facebook rasar i popularitet blant unge

Forfattarane tar utgangspunkt i kor mange gonger Facebook er skriven inn i søkefeltet til Google. Etter å ha sjekka Google Trends viser det seg at søketoppen for Facebook var i deseber 2012. Nokre månader før passerte Facebook ein milliard brukarar.

Forskarane sjekka modellen sin med søketrendane for MySpace, eit sosialt nettverk som nådde toppen i 2008, men sidan mista nesten alle brukarane sine. Ifølgje forskarane passar utviklinga av MySpace-bruk med utviklinga av ein epidemi som til slutt døyr ut.

Forskarane har skapt debatt, og Facebook kallar studien "nonsense", ifølgje The Wall Street Journal.

LES OGSÅ: Moderhysteriet på Facebook