Dei seinare åra har leiketøysprodusenten Mattel kvart år lansert Årets karriere for Barbie.
Til no har ho mellom anna prøvd seg som pilot, filmskapar, lege og brannmann gjennom Barbie Careers. I tillegg til meir tradisjonelle kvinneyrker som sjukepleiar og ballerina.
LES OGSÅ: Barbie Savior reddar Afrika med «slumfies»
Barbie-kritikk
Barbie har òg fått prøva seg på data, men med varierande hell.
Boka Barbie: I Can Be A Computer Engineer (2010) fekk i 2014 kritikk for å vera sexistisk og framstilla Barbie som ein hjelpelaus utviklar, som var mest oppteken av design og trengte mannleg ekspertise for å rydda opp i datavirus.
Dette har Feminist Hacker Barbie teke eitt oppgjer med, og gjennom sida inviterer Kathleen Tuite, doktorgradsstudent i datateknologi, brukarane til å skriva om forteljinga.
Enden på visa var at Mattel kom med ei offisiell unnskyldning på Facebook-sidene sine.
LES OGSÅ: Gamer Amalie Marie «Proxyfox» Reisvaag har opplevd å få reaksjonar som; «Herregud, ho er jo jente!»
Gamer gate
Kvinner er eit relativt nytt fenomen i eit tidlegare mannsdominert spelunivers. Ei undersøking frå IGDA (International Game Developers Association) fann at berre 22 prosent av i alt 2200 spurde utviklarar var kvinner i 2014.
Kvinnelege gamarar, utviklarar og speljournalistar har opplevd mykje hets gjennom rørsler som «gamer gate».
Og det er ikkje fritt for at nokre Twitter-brukerer nytta høvet til å kritisera Barbie sitt siste karriereval.
@Barbie @MrMuselk (((Barbie)))
Women, for the most part, lack the logical thought patterns necessary for programming.
— Bergblattstein ✡(@tahujdt) 15. juni 2016
For å sikra truverdet til Barbie som spelutviklar har Mattel samarbeidd med spelutviklaren Molly Proffitt, leiar i Ker-Chunk Games, LLC.
– Eg veit at jenter treng eit førebilete som viser at dei kan vere ein del av universet og Barie gjer det. Ho har makt til å fortelja jenter at dei kan vera skaparar og byggjarar, uttala Proffitt til Huffington Post.
Spelutviklar-Barbie får ros for ein truverdige stil og ganske realistiske yrkesframstilling. Ein Twitter-bruker var spesielt nøgd:
@bitterwinsome thanks so much in helping my little girl know she doesn't have to be a boy to do what her daddy does! pic.twitter.com/rurfdIjao4
— Chris Cooper (@MightyCooper) 22. juni 2016
Barbie, som star for dei desidert største inntektene til leiketøyskjeden Mattel, er i ferd med å endra image på fleire område. Tidlegare i år lanserte leketøysgiganten si populære, men utskjelte heltinne i tre nye kroppsfasongar – lang, kort og “litt rund”.
Men mangfaldet kan alltids bli betre, noko denne mannen sjølv tok ansvar for:
My wife wanted the new #gamedev @Barbie but it only came in one skin tone. I fixed the problem. #wearegamedevs pic.twitter.com/JqnPNbZqmq
— Marcus Montgomery (@marcusingames) 22. juni 2016
Les meir:
Martine Rørstad Sand omsette det første Nintendo Wii U-spelet til nynorsk