Fire av ti lærarstudentar strauk i matte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire av ti strauk i matte

11. mai i år var 997 studentar på grunnskulelærarutdanninga oppe til eksamen i undervisingskunnskap i brøk, desimaltal og prosentrekning. Den nasjonale karakterfordelinga viser at heile 37 prosent strauk på eksamen, mens berre 0,6 prosent fekk toppkarakter, skriv Khrono.

I fjor var det 10,4 prosent som strauk på denne eksamenen.

LES OGSÅ: Ha trua på deg sjølv – bli god i matte

Nedslått kunnskasminister
– Eg meiner det nedslåande resultatet er eit argument for det nye kravet om at lærarstudentar frå og med no må ha minst karakteren 4 i matte frå vidaregåande for å bli tatt opp ved lærarutdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til VG.

Kunnskapsministeren meiner strykprosenten er altfor høg og seier dei må undersøkje nærare kva som ligg bak desse resultata.

Men årets strykprosent er langt ifrå den verste. I 2012 strauk nesten halvparten av lærarstudentane på HiOA i matte, eit tal som gjekk ned til 29 prosent stryk to år seinare.

Ein rapport frå 2012 slo fast at norske lærarstudentar er på u-landsnivå i matte.

NOKUT-analyse
Leiaren i NOKUT, Terje Mørland, seier det er dei aktuelle universitet og høgskular som har ansvaret for kvaliteten i utdanninga.

– Dei må no brette opp ermene og gjere noko med dette. Vi kjem til å gå grundig inn og analysere resultata for å sjå om vi kan peike på moglege årsaker for på den måten å kunne hjelpe utdanningsinstitusjonane, seier Mørland til VG.

Ein rapport frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) er venta litt seinare i sommar.

Les meir:

Matte bestemmer fråfall i skulen

Fleire går ut av grunnskulen med dårleg mattekarakter