FN: Over 65 millionar menneske på flukt
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart 113. menneske på jorda er på flukt. Halvparten av desse er barn.
Dette går fram av årsrapporten for 2015 frå FNs flyktningbyrå, UNHCR, som vart offentleggjort i dag.
– Ansvarsfråskriving
Ved inngangen til 2016 var 65,3 millionar menneske på flukt. 40,8 millionar av desse var på flukt i eige land.
– Regjeringar verda over er prega av handlingslamming og ansvarsfråskriving. Å vere flyktning er inga varig løysning. Me må bli flinkare til å løfta menneskjer ut av flyktningstatistikken og tilby løysningar som gjer at menn, kvinner og barn som har lagt på flukt fra krig og konflikt kan gjenoppta normale liv, seier Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Arkitektstudentar reiste til Hellas for å finna ut korleis arkitektur kan hjelpa flyktningar
Syria og Tyskland
Ikkje uventa er det krigsherja Syria som står for den største flyktningstraumen. I alt 11,7 syrarar er fordrivne frå heimane sine.
Over fire av ti – 44 prosent – av alle flyktningar i verda kjem frå anten Syria, Afghanistan og Somalia.
– Me har i dag den verste flyktningkrisa i vår tid. Det er viktig å tenkje på at dette ikkje berre ei krise som handlar om høge tal, men at det òg er ei solidaritetskrise, seier FNs generalsekretær Ban Ki-moon i rapporten.
I fjor søkte rundt to millionar menneskjer asyl eller flyktningstatus. Flest søkte seg til Tyskland, der Angela Merkel imponerte ei heil verd då ho annonserte at landet ville ta imot 800.000 flyktningar i 2015.
Bak Tyskland sine 441.900 søkjarar kjem USA med 172.000, Sverige med 156.400 og Russland med 152.500.
Flytninghjelpen er uroa for at europeiske land stengjer grensene og ei negativ utvikling når det kjem til vern av flyktningar sine rettar verda over.
Tyrkia og Libanon
Framleis tek utviklingsland imot 86 prosent av verdas flyktningar.
I år som i fjor tek Tyrkia imot flest flyktningar med sine 2,5 millionar. På andreplass kjem Pakistan med 1,6 millionar, framfor Libanon med 1,1 millionar.
Syrias naboland Libanon utan tvil flest flyktningar samanlikna med folketalet. Ved utgongen av 2015 hadde landet 183 flyktningar per 1000 innbyggjarar.
–I Flyktningkonvensjonen vert behovet for internasjonalt samarbeid understreka. For augneblikket tek eit fåtal land ansvaret for verdas flyktningar. Alle land må bidra, både ved å gi vern på eiget territorium og ved å gi auka økonomisk støtte til hjelpearbeid, lokal integrasjon og frivillig og trygg retur, seier Egeland.
Les meir:
Emilie Beck og Adele Gyllenhammar reiste til Helles for å filma etter to vekers førebuing
Fleire kvinner og barn tek den farefulle ferda over Middelhavet
Faktaboks
65,3 millionar menneskjer var på flukt ved inngangen til 2016. Det er ei auke på 5,8 millioner samanlikna med året før
21,3 millionar er flyktningar
3,2 millionar ventar på behandling av sine asylsøknadar
40,8 millionar er på flukt i eige land.
Syria-krisa har drive 11,7 millioner på flukt – 6,6 millioner internt fordrivne og 5,1 millioner flyktningar og asylsøkjarar
Dei største mottakarlanda er Jordan, Tyrkia, Pakistan, Libanon, Sør-Afrika, Iran, Etiopia og Tyskland
Kjelde: UNCHR