Takka vere diktaren oppdaterte kronprinsessa Instagram på klingande nynorsk.

NPK-Andrea Sæverud
NPK-Andrea Sæverud
Faktaboks

Ruth Lillegraven

* Festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2016

* Bur i Lommedalen i Bærum med ektemannen Thomas, tvillinggutar på 4 år og to eldre bonusbarn.

* Debuterte med samlinga Stygge dikt i 2005, vann Brageprisen for diktsamlinga Urd i 2013.

* Er husdiktar i Salongen på NRK p2.

* Har også skrive fire små barnebøker. Til hausten kjem ei ny diktsamling for barn. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Politikarar har ei god evne til å ta situasjonar på strak arm og late som om dei har kontroll. Det er ikkje negativt meint altså, dei klarer å gjere det beste ut av det, smiler Ruth Lillegraven.

For eitt år sidan blei 37-åringen frå Granvin i Hardanger forfattar på heiltid.

Då hadde ho bruk dei åtte siste åra på å hjelpe fire forskjellige samferdselsministrar med å finne dei rette orda, i stillinga som taleskrivar i Samferdselsdepartementet.

LES OGSÅ: «Vi kjem til å ta klokka diog pengane dine,» skriv Frode Grytten i protestdiktet som går verda rundt

Kongeleg togskald
Før åra i departementet arbeidde ho som informasjonsansvarleg i Samlaget, men det er kanskje den siste stillingstittelen hennar som er mest original.

I starten av juni hanka kronprinsesse Mette-Marit ho inn som togskald på litteraturtoget frå Bergen til Oslo. Lillegraven fekk då overta både Instagram- og Twitterkontoen til kronprinsessa. Men den kongelege merksemda går ikkje til hovudet på ho.

– Det er like hyggeleg om det er naboen min eller kronprinsessa som likar det eg skriv. Mest gledeleg er tilbakemeldingane frå dei som trur dei ikkje likar dikt. Det er nok ikkje fordi eg er så spesiell, men eg trur det finst eit dikt for alle.

Neste helg reiser ho til Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda for å delta på Dei nynorske festspela, som har utpeikt ho til årets festspeldiktar.

Verkelege Berit
For tida sjonglerer Lillegraven fire ulike bokprosjekt.

Til hausten kjem diktboka Sigd, men allereie under Dei nynorske festspela vil publikum få ein smakebit. Saman med hardingfelespelar Bendicte Maurseth har ho sett saman ein konsert der dikta frå boka får følgje av spesialskrivne feletonar.

Dikta til Ruth Lillegraven er lange og forteljande. Ho bruker enkle ord og legg stor vekt på at det skal fungere også rytmisk og grafisk.

Eit kjennemerke er at ho bruker poesien til å skrive om heile menneskeliv, frå fødsel til død.

– Dei tre siste diktbøkene mine utgjer ein slags trilogi, med tre poetiske biografiar. Urd har to hovudpersonar, der Cecilie minner om meg og Seselja er oppdikta. Manilahallen er skriven om ei lys levande kvinne, Berit Bjerke. Sigd, som kjem til hausten, er dels bygd på ei autentisk dagbok frå 1800-talet og dels fri fantasi.

Å få eit slikt fugleperspektiv på livet er noko av det ho likar aller best. Festspelforfattaren filosoferer mykje over akkurat det med tid.

– Eg elskar slike episke sveip. Tida går umerkeleg frå dag til dag, og plutseleg har det gått eit liv. Det ligg noko veldig sant i det.

LES OGSÅ: Marie (85) sitt dikt rører tusenvis på Facebook

Snapchat-generasjonen
I forkant av Dei nynorske festspela har Ruth Lillegraven vore på skuleturne i Ørsta og Volda.

– Eg grudde meg, kva skulle eg snakke med fjorten åttandeklasser om? Men så blei det veldig fint. Vi snakka om kvar eit dikt kan kome frå og kva det kan vere. At det er dei som bestemmer det sjølve, det finst ingen fasit. Dei er jo Snapchat og Instagram-generasjonen, så klart synest dei det er kult med korte forteljingar.

Lillegraven trur dikt ofte kan fungere som trøyst i komprimert form.

– Dikta kan hjelpe oss til å sette ting inn i ein samanheng, dei snakkar til oss gjennom ulike livsfasar. Eg trur gode dikt skaper attkjenning i folk.

Sjølv er litteraturen eitt av tre middel ho tyr til for å kjenne seg meir til stades i kvardagen.

– Eg er ei av dei som ofte sit og fiklar med mobilen. Men det som gjer meg godt, er å gå tur i skogen utan mobil, å bade i sjøen eller ferskvatn, eller å bli oppslukt av ei god bok.

Lengtar heim til Hauge-land
Granvinsvatnet er eitt av vatna Ruth Lillegraven finn sjelefred i. Rett ved vatnet, femti meter frå Riksveg 7, ligg den store kjærleiken hennar. Heimgarden.

– Eg er veldig glad i både dialekten og heimplassen min. Planen på sikt er å flytte tilbake og ta over fruktgarden, men det er mange hus og vi ser at det kan bli utfordrande for eit par som allereie no slit med å ta vare på eit rekkehus i Lommedalen, smiler ho.

Ho er oppvaksen midt i Olav H. Hauge-land, og var ikkje gammal då far hennar fann fram dikta hans.

– Eg var eit grublande barn som sat mykje for meg sjølv og las. Eg trur at eg allereie då kjende meg igjen i dikta hans, fortel Lillegraven.

Sist ho var heime, stod ho og såg på dei små, søte lamma som beita på markane. Plutseleg kom vemodet sigande med tanken på at dei same lamma ikkje vil vere der neste år, at livet deira skal ende hos slaktaren.

– Det er mykje melankoli i meg, og det er sikkert ein av grunnane til at eg kan drive med dette, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Hauge-senteret skal vera eit kraftsentrum for poesi i Noreg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE