Og eitt håp, skriv Vetle Mikkelsen i Studentmållaget i Bergen.

Vetle Mikkelsen, Studentmållaget i Bergen
Vetle Mikkelsen, Studentmållaget i Bergen

Onsdag 15. juni vedtok bystyret i Bergen eit forslag frå Venstre, som inneber at ein skal undersøke kåra til nynorsken i bergensskulen, i tillegg til at ein generell strategi for nynorskbruk i kommunen vart vedteke. At Bergen må gjera seg fortent til tittelen som nynorskhovudstad vart og nemnt. Det er fint å sjå at dei målpolitiske ambisjonane i bystyret er høge.

At bystyret går inn for å legga ned to viktige nynorskskular i byen allereie dagen etter dei har vedteke å bli ein betre nynorskby, er likevel urovekkande. Her er tre grunnar til at Bergen kanskje ikkje er ein god nynorskhovudstad – og ein grunn til at vi kan bli det!

Bakgrunn: Onsdag vedtok Bergen at dei vil styrka nynorsken i byen

1. Den jamne bergensar bryr seg ikkje om nynorsk
Bergen er ein språknøytral kommune. Likevel har kommunen i praksis vore ein bokmålskommune i ei årrekkje, på tross av det yrande språkmangfaldet i Bergen. Dette ser ein mellom anna på at offisielle papir frå Bergen kommune i dei aller fleste tilfelle vil vera på bokmål. Det skal likevel seiast at den jamne bergensar sannsynlegvis ikkje tenkjer så mykje på nynorsk. Nokre vil kanskje gå så langt som å seie at den jamne bergensar, lik den jamne osloborgar, ikkje er særleg språkmedviten.

Manglande språkmedvit er kanskje eit av dei sterkaste argumenta for at det offentlege bør verte flinkare til å nytte båe målformar, og ikkje berre den eine, som seg hør og bør i ein språknøytral kommune. Her fortener det sitjande byrådet skryt, ettersom forslaget som vart vedteke onsdag òg tek til orde for at Bergen kommune i større grad skal nytte nynorsk i sin kommunikasjon med innbyggjarane.

2. Nynorsk for eliten?
Noko anna som er verd å vurdere, er om nynorsk i Bergen har vorte ei målform for akademikarar og kultureliten. Dersom nynorsk er eit skriftspråk den jamne bergensar ikkje kan skrive, eller som hen har vanskeleg for å lese, er det stor fare for at det nettopp er dette som vert realiteten; noko som er ein smule spesielt, med tanke på at nynorsken i sin natur kan seiast å vera ganske så folkeleg. Sjølv har eg høyrd skrekkhistorier om korleis nynorsken vert nedprioritert i norskundervisinga i bergensskulen. Om berre halvparten av det eg har høyrd er sant, er det eit under om den jamne vidaregåandeelev i Bergen eingong kan lese nynorsk – og det er eit problem for visjonen om Bergen som nynorskhovudstad.

LES OGSÅ: Dagen etter nynorskvedtaket i Bergen, blir to nynorskskular lagt ned. Det vekkjer reaksjonar.

3. Sjølvmotseiande skulepolitikk
Når Haugland Skole og Riple Skole, to av dei siste nynorskskulane i Bergen, er foreslått nedlagt i skulebruksplanen, kan det sjå ut som om det er ein viss avstand mellom liv og lære. Store og luftige ambisjonar om Bergen som nynorskhovudstad tyder lite, dersom byrådet ikkje fører ein ansvarleg språkpolitikk.

Det vert interessant å sjå om røynda samsvarer med det skrekkbiletet eg har fått høyre om. Vonleg vil byrådet i så fall innstille på eit løft av nynorskkompetansen, både hos lærarar og elevar i Bergen.

4. Men: Det finst håp!
Mange vil argumentere for at nynorskdelen i Bergen er såpass liten at å kalle Bergen ein nynorskhovudstad vil vera ei sterk overdriving. Det er eg til dels einig i, men det er nokre ting som likevel er viktige å ta med for å få perspektiv på Bergen si rolle i styrkinga av nynorsken. At både Universitetet i Bergen og Haukeland Sjukehus har vunne målprisar, kan tyde på at det er ein viss grobotn for nynorsk i Bergen. I tillegg har det vorte stadfesta at den nye Høgskulen på Vestlandet skal ha nynorsk som si målform. I praksis vil det altså vera ein institusjon for høgare utdanning i Bergen, som nytter nynorsk som si hovudmålform.

Likevel er det, som tidlegare nemnt, ein viss fare for at nynorsken vert eit språk for eliten. Det må vera eit mål at bergensarar flest har eit fortruleg forhold til det nynorske skriftspråket. For at dette målet skal verte ein realitet, må nynorsken sin plass i bergensskulen sikrast.

Byrådet vil undersøka kåra til nynorsk i bergensskulen. Samstundes legg dei ned to av dei siste nynorskskulane i byen. Då er avstanden mellom liv og lære stor.

Kort oppsummert er det fleire ting som taler for at Bergen kan ta ei aktiv rolle i språkpolitikken, og kanskje til og med i framtida gjera seg fortent til tittelen som vestlandets nynorskhovudstad. Men i fyrste omgang må byrådet kome med konkrete tiltak for å sikre språkmangfaldet i byen mellom dei sju fjell, i staden for å leggje ned dei få reine nynorskskulane byen fortsatt har.

Det er heller ikkje lenge sidan bystyret i Bergen vedtok å sikra rettane til nynorskelevane i byen: – Me meiner at ungdomsskular som tek i mot nynorskelevar, skal vere førebudde på dette

Bergen er ikkje åleine om å ville vera nynorskhovudstaden: Det gjer Noregs Mållag lukkelege (så klart).

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE