Nær 6000 drepne av handvåpen i USA i år

Drapsmannen i Orlando kjøpte våpen lovleg før han tok livet av 50 nattklubbgjester.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

USA i år: 23308 skyteepisodar

I løpet av 2015 blei 13.286 menneske drepne av handvåpen i USA, ifølgje Gunviolencearchive.org. Dei fører oppdaterte tal for kor mange som drepne med handvåpen i landet der retten til å bera våpen er grunnlovsfesta.

Ifølgje amerikanske styresmakter skal drapsmannen i Orlando ha skaffa seg våpena på lovleg vis.

Same dagen som massedrapet i Oregon, mista 12 menneske livet i andre skyteepisodar rundt i landet.

Så langt i år er det registrert 23.308 skyteepisodar i USA, der 5965 har mista livet. Totalt er 1044 personar skadde eller drepne ved vådeskot.

I alt 1276 unge mellom 12 og 17 år er skadde eller drepne av skytevåpen i år. I tillegg har 257 born under 12 år har blitt skadde eller mista livet på grunn av skytevåpen. 

Ifølgje dei siste tala frå OECD er det i snitt 5,2 drap per 100.000 innbyggjarar per år i USA. Det er nesten 17 gonger meir enn Noreg.

LES OGSÅ: Å elske er ein menneskerett

Sjå president Obama kommentera våpenlovane i USA her: