Superstjerna kan påverka valet i USA

Artisten Taylor Swift har no sagt at ho kjem til å stemme på Kamala Harris under årets presidentval i USA. Dette kan gjera at fleire unge engasjerer seg i politikken.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Taylor Swift har, som ein av verdas største artistar, ei stor påverknadskraft hjå unge kvinner. Dei er ei viktig veljargruppe for presidentkandidatane Kamala Harris og Donald Trump, skriv NRK.

– Eg stemmer på Harris fordi (…) eg trur ho er ein stødig og evnerik leiar. Og eg trur vi kan oppnå så mykje meir i dette landet viss vi blir leidde på ein roleg måteikkje med kaos, skriv artisten på Instagram.

 

Presidentvalet i USA

  • 5. november 2024
  • Presidentkandidatar: Kamala Harris og Donald Trump
  • Kamala Harris tilhøyrer Det demokratiske partiet
  • Donald Trump tilhøyrer Det republikanske partiet

Kjelde: Store norske leksikon.

Artisten skriv også at årsaka til at ho no går ut og viser si støtte til Harris, er at det nyleg blei delt ei falsk, KI-generert støtteerklæring frå ho til Donald Trump.

USA-ekspert Sofie Høgestøl seier til NRK at ho trur artisten si støtteerklæringa til Harris kan vera viktig for utfallet i vippestatane i USA.

Derfor er vippestatane så viktige

Ein vippestat er ein delstat der innbyggjarane er ganske jamt delt når det kjem til kven av dei to presidentkandidatane dei vil stemme på.

I presidentvalet er det talet på valmenn som avgjer kven som blir president. Den som får flest stemmer i ein delstat får alle valmennene i denne delstaten. Den som vinn presidentvalet er den som klarer å samla flest valmenn. Derfor er det ekstra viktig å samla stemmer i dei delstatane der presidentkandidatane står ganske likt.