Flashback, sorg og skuffelse – dette meiner ungdomspartia om USA-valet

Nestleiaren i KrFU har sjølv stemt i det amerikanske valet og vart overraska over resultatet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Framtida.no har kontakta ungdomspartia for ein kommentar til utfallet av presidentvalet i USA. Saka blir oppdatert med fleire svar.

Erik Rønhovde, 1. nestleiar KrFU

– Eg reagerte med sorg og med sinne. Eg meiner dette er ein bekmørk dag for USA og resten av den frie verda.

KrFU-nestleiar Erik Rønhovde trur dei neste fire åra kjem til å bli tøffe. Framtida.no snakkar med han på telefon etter at Donald Trump har erklært seg som vinnar av presidentvalet.

Rønhovde peikar på at Trumps politikk er meir ekstrem enn før, og at folk rundt han denne gongen er lojalistar og ja-folk.

KrFU arrangerte valvake på partikontoret. Stemninga i går var på topp, men Rønhovde drog heim før resultatet vart klar.

Erik Rønhovde (i midten) dreiv kampanje for Kamala Harris i Pennsylvania i USA. | Foto: Privat

– Eg må ærleg innrømme at eg vart overraska. Eg visste veldig lite om kven som kom til å vinne, og det er det eigentleg ingen som har visst. Målingane var historisk jamne, seier han når Framtida.no slår på tråden.

Ungdomspolitikaren håpa Kamala Harris skulle vinne.

– Eg er amerikansk statsborgar, og har stemt på ho og drive valkamp og banka på dører for ho i Pennsylvania. Det var veldig gøy, og eg føler eg har bidratt.

Rønhovde trur vi kjem til å merke Trump sin presidentretur på lommeboka i Noreg.

– Økonomar åtvarar mot Trumps politikk. Høge tollsatsar vil svekkje både amerikansk økonomi og verdsøkonomien.

Vidare trur han at europeisk sikkerheit kjem til å bli svekt, og viser til at visepresidentkandidat J.D. Vance har ønskt å kutte støtta til Ukraina.

– Eg trur ikkje Trump melder USA ut av Nato, men han har tidlegare signalisert at det ikkje er viktig for han. Han sår tvil om kor vidt USA vil kome til unnsetning om eit natoland blir angripe. Det er alvorleg og seier noko om kva som er i vente.


 

Leiar i Grønn Ungdom Tobias Stokkeland. | Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Tobias Stokkeland, leiar Grøn Ungdom

«Ja, då blir det Trump då. Då er det tilbake til dette her.»

Det var Grøn Ungdom-leiarens reaksjon på at Trump ser ut til å bli president i USA att.

Valresultatet har ikkje gått noko særleg emosjonelt inn på Tobias Stokkeland, for utfallet vart det han hadde venta.

– Det var mykje som tyda på at Trump skulle vinne, sjølv om det også var litt uføreseieleg, men eg trudde det, og hadde den magekjensla ganske lenge, seier han på telefon til Framtida.no.

Stokkeland spår Trump vil ta USA i ei meir autoritær retning, og innsetje lojalistar i ulike posisjonar i den amerikanske staten.

– Det meiner eg er ganske farleg, og eg er bekymra for stabiliteten i verda, seier Stokkeland, og held fram:

– Ein ting eg også tenkte i dag tidleg, var at der rauk faktisk 1,5-gradsmålet, det var spikaren på kista. Òg togradarsmålet ser veldig, veldig mørkt ut.

Sist Trump var president, trekte han USA ut av Parisavtalen. Stokkeland trur han kan finne på å gjere det igjen, dersom han blir mint på det.

– Spørsmålet er kor mykje av Joe Biden sin klimapolitikk han kjem til å fortsetje med, eller ikkje trekkje. Det var mykje av Obamas politikk han beheldt. Men det er ikkje eit godt teikn for klima.

Viss ein skal sjå litt optimistisk på valresultatet, tenkjer Stokkeland at det kanskje kan bli litt lettare for det grøne skiftet i Noreg, då ein del grøne industriprosjekt i Noreg har blitt utkonkurrert av USA med Biden sin politikk.


 

Gaute Skjervø, leiar AUF

– Eg fekk veldig flashback til 2016, fortel den nye AUF-leiaren på telefon til Framtida.no om korleis han reagerte då han skjønte kva veg det gjekk i valet.

Gaute Skjervø var på fleire valvaker i løpet av kvelden. Stemninga der skildrar han som lik den han hugsar frå 2016, då Trump vann over Hillary Clinton.

– Det var mange som var sikre på at Kamala Harris ville ta det. Dette viser at det er vanskeleg frå eit norsk perspektiv å spå utfallet av USA-val, og må gje oss ein lærepenge om at vi framleis ikkje har forstått godt nok frustrasjonen til amerikanarar.

Gaute Børstad Skjervø er ny leiar i AUF. | Foto: AUF

At Trump etter alt å døme skal leie USA igjen, meiner Skjervø er alvorleg for Noreg, for USA og for heile verda.

– Det her er ein veldig alvorleg dag for Ukraina, for Palestina og for Taiwan. Verda står i ein situasjon der ein del stormakter har lyst til å bruke makt mot mindre land, og det betyr ei farlegare verd spesielt for dei. Og så trur eg det betyr meir usikkerheit for amerikanske kvinner og minoritetar. Eg håpar vi unngår worst-case scenario, men det er all grunn til å vere bekymra over dei idéane som skal inn i Det kvite huset igjen.

Skjervø meiner det er lov å vere nedfor og skuffa over resultatet i dag, men minner om at vi ikkje må bli redde. Donald Trump og ytre høgre-rørsler ønsker at andre skal bli passive og ikkje kjempe for det samfunnet vi vil ha, og det må vi ikkje la skje, oppmodar han.


 

Audun Hammer Hovda er leiar i Sosialistisk Ungdom. | Foto: Privat

Audun Hammer Hovda, leiar Sosialistisk Ungdom

– Eg blei veldig skuffa over resultatet, uttalar leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda, i ein e-post til Framtida.no.

Han meiner USA-valet kanskje er verdas aller viktigaste val, og at det er avgjerande kven som blir president.

– Dessverre blei det ikkje som eg ønska denne gongen, konstaterer han.

Hovda fryktar konsekvensane kan bli katastrofale for vanlege arbeidsfolk, kvinners rettar, og klimaet.

– For ikkje å snakke om demokratiet i sin heilskap. Trump representerer noko veldig farleg, og det må vi førebu oss på.


 

Omar Svendsen-Yagci, leiar Unge Venstre

– Å vakne til nyheita om at Trump blir USAs neste president var ein stor skuffelse. Det går ikkje an å vere anna enn bekymra for kva Trump vil gjere med verda dei neste fire åra.

Det skriv den nyvalde Unge Venstre-leiaren på e-post til Framtida.no.

Omar Svendsen-Yagci skildrar Donald Trump som ein laus kanon på dekk, og meiner det er vanskeleg å vite kva han vil gjere som president.

– Han er ein trugsel mot demokratiet, Ukraina, Nato, og ein fare for den liberale verdsordenen.

Omar Svendsen-Yagci er leiar i Unge Venstre. | Foto: Enok Grova/Unge Venstre

Svendsen-Yagci meiner det er uakseptabelt at Noregs framtid skal stå på spel kvart fjerde år.

– For å sikre grunnleggjande liberale verdiar og sikkerheit er det heilt nødvendig at vi deltar i det europeiske fellesskapet og melder Noreg inn i EU.


 

Andrine Seppola i Senterungdommen. | Foto: Senterungdommen

Andrine Hanssen-Seppola, leiar Senterungdommen

– Eg drog med morgonflyet sørover i dag og stod opp klokka 4, så eg fekk med meg live då resultatet frå fleire vippestatar kom. Eg sat med amerikanske turistar på flyet som var sjokkerte og bekymra, og nokre som ikkje var særleg overraska over at Trump vann, skriv Andrine Hanssen-Seppola på e-post til Framtida.no.

Gitt meiningsmålingane hadde ho trudd det skulle vere jamnare, men når ein ser kor viktig saker som økonomi og innvandring har vore i valet, er det ikkje overraskande for leiaren av Senterungdommen at Trump vinn.

– Demokratane har ikkje klart å byggje opp truverd på desse sakene.

Frå eit norsk perspektiv, meiner Hanssen-Seppola at det er viktig å slå fast at Trump-siger ikkje gjer norsk EU-medlemskap meir aktuelt.

Ho peikar på at det kan gå mot ein handelskrig mellom EU og USA viss Trump gjennomfører det han har sagt at han skal.

– Det siste Noreg bør gjere er å bli med i EU og deira tollunion. Då stiller vi oss sjølv i ein vanskeleg situasjon. EU kan heller ikkje gi oss dei same sikkerheitsgarantiane som vår forsvarsallianse, Nato, gjer. Det er land utanfor Den europeiske unionen, som Storbritannia, USA og Canada, som står for 80 prosent av Natos finansiering. EU er ingen forsvarsallianse, og bør heller ikkje vere det.