mm
Faktaboks

Straffeloven § 192 første ledd: 

Den som:

a) skaffer seg seksuell omgang ved vold eller ved truende atferd,

b) har seksuell omgang med noen som er bevistløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg handlingen,

c) ved vold eller truende atferd får noen til å ha seksuell omgang med en annen, eller til å utføre tilsvarende handlinger med seg selv

Valdtektssituasjonen 2015:

Éi av ti jenter har vorte utsett for valdtekt

2-3 prosent av gutane fortel at dei har vorte utsett for valdtekt

Ein reknar med at det kvart år skjer mellom 8000 og 16.000 valdtekter i Noreg årleg

I 67 prosent av tilfella er gjerningspersonen ein ven, venninne, kjærast eller kjenning

29 prosent av jentene og 7 prosent av gutane har opplevd krenkande åtferd

1367 politimeldte valdtekt i 2015, ei auke frå 2014

Kjelde: Kripos, UngVold-2015

LES FAKTALUKK FAKTA

– Ungdom – også gutar – må få informasjon om kva som er straffbart, kva som er lovleg og ikkje lovleg. Kva som er valdtekt, rett og slett.

Det seier Line Rødseth, som er aktuell i dokumentarfilmen «Stolt av deg» på VGTV.

Filmen, som er regissert av tvillingbroren Jesper Rødseth, følgjer syskena i den tøffe tida når Line endeleg politimelder valdtekta ho vart utsett for som 20-åring.

I filmen fortel ho at ho sjølv ikkje skjønte at den alvorlege hendinga ho vart utsett for faktisk var ei valdtekt. 

Les heile historia til Line her!

Valdtekt i Noreg
Ifølgje forskarane bak rapporten «Vold og overgrep mot barn og unge» er det vanskeleg å finna ut kor mange som har vorte utsett for valdtekt.

– Når ungdommane får direkte spørsmål om dei har blitt valdtekne, svarte fem prosent av jentene og éin prosent av gutane at de hadde opplevd dette. Når me spør på ein annan måte som spesifikt inkluderer dei ulike handlingane som lova definerer som voldtekt, får me eit mykje høgare tal. Då svarar om lag ti prosent av jentene at de har opplevd valdtekt, fortel forskar og medarbeidar i prosjektet, Kari Stefansen på nettsidene til Høgskolen i Oslo og Akershus.  

Rapporten som baserer seg på ei spørjeundersøking blant 4500 ungdommar i alderen 15-19 år slår fast at jenter er meir utsatt for overgrep enn gutar, med god margin. Éi av fire jenter har vorte utsett for seksuelt krenkande åtferd.

Berre éin av ti vel å politimelda valdtekta, ifølgje ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

Kjente gjerningsmannen
I dei fleste tilfella er det ein ven, venninne, kjærast eller kjenning, som er overgriparen. Ofte vert overgrepet utført av jamaldrande, gjerne i samband med alkohol.

Berre éi av ti valdtekter er overfallsvaldtekter.

I følgje Kripos sin årlege valdtektsrapport er kvinner i alderen 13-25 år den gruppa som er mest utsett for valdtekt. Frå 16-25 er risikoen for at jenter blir utsett for såkalla festvaldtekter absolutt størst.

Personane som er mistenkt, sikta eller dømt for festrelaterte valdtekter er oftast gutar i alderen 15-24 år, men her er aldersfordelinga jamnare.

– Haldningar i skulen 
Prosjektleiar for UngVold-undersøkinga ved NOVA, Svein Mossige, etterlyser langvarige og gjennomtenkte opplegg, framfor kortvarige stunts og kampanjar.

– Funna viser oss at dei førebyggjande tiltaka som har vore gjennomført i perioden, har hatt liten effekt. Det er viktig å snakke om haldningar i skulen over fleire år, og ikkje gi «fripass» til ungdommane til dømes i russetida, seier Mossige til høgskulen sine nettsider.

Skribent Anki Gerhardsen meiner på si side at fokuset på gutane har gått på bekostning av fokuset på jentene.

I Aftenposten-innlegget «Voldtekt er ikke sex du ikke egentlig vil ha. Voldtekt er overgrep du ikke kan eller tør verge deg mot» uttrykkjer ho uro for at me kriminaliserer «unge, alminnelige gutter som kanskje ikke har levd lenge nok til å vite ordentlig hva en seksuell relasjon egentlig er for noe.»

Ho meiner det er like viktig å læra jentene å seia tydeleg nei.

LES OGSÅ: Stor auke i melde valdtekter

Seksualundervisning
Rødseth er ikkje i tvil om at seksualundervisning tidleg i skulen er nummer éin av alle valdtektsførebyggjande tiltak.

– Ein må snakka om seksualitet på ein heilt anna måte enn at ungdom berre lærer å setja på ein kondom, eller om prevensjonsmiddel. Det er ei side av spekteret. På den andre sida får dei pornografi og alt internett har å by på, medan dei ikkje får nokon mellomting. Både gutar og jenter treng informasjon om kva ei valdtekt er, og kva straffelova seier om saka. Men også eigne grenser, om kva som er greitt og ikkje greitt.

Det er mellomtingen Rødseth etterlyser, ein naturleg måte å snakka om seksualitet og grensesetting på.

LES OGSÅ: Bryt stilla om valdtekt mot menn

– Veit ikkje kva valdtekt er
Ho får støtte av Lisa Arntzen, som er sosionom ved Dixi, eit ressurssenter mot voldtekt.

– Den største oppgåva er førebygging, å hindra at overgrep skjer. Då må alle vere sikra skikkeleg undervisning. Mange – særleg unge – veit ikkje kva ei valdtekt er. Ein må lære dei om sex og grensesetting, noko som vert særleg viktig i ungdomstida når dei gjerne byrjar å eksperimentere. Eg trur mange trakkar over grenser utan å vere klar over dei gjer det.

Vidare meiner Arntzen at det er viktig å sikra at profesjonar som lærarar, psykologar og legar får tilstrekkeleg kunnskap om seksuelle overgrep.

Ho er uroa over at personar i hjelpeapparatet ikkje veit korleis ein skal handtere slike saker, samt det dårlege tilbodet rundt om i distrikta.

LES OGSÅ: Mange meiner kvinner har ansvar for valdtekt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE