Bryt stilla om valdtekt

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På bloggen voldtattmann.org fortel han om valdtekta han vart utsett for, for å syne andre menn som vert utsett for valdtekt at dei ikkje er åleine, og at det er hjelp å få.

– Eg vil gje håp til andre som kjem i same situasjon som eg var i, seier han.

Når tryggleiken blir stolen
I februar 2011 skjer det som ikkje skal skje.

Ein kveld på byen kjem Kent bort frå venene sine. Dei har vore ute og teke eit par glas etter jobb.

Mellom tidspunktet han oppdagar at han er komen bort frå venene, og han vaknar i si eiga seng medan ein framand mann valdtek han, hugsar han berre nokre få ting: At mannen følgjer etter han inn i ein taxi, og at han romsterer i leilegheita hans.

Mannen har lagt noko i drinken Kent. Når han vaknar morgonen etter, har mannen stelt for fleire tusen frå leilegheita til Kent. Men han har òg teke noko mykje viktigare frå Kent – tryggleiken hans.

LES ÒG: Eit nei er eit nei, jenter.

Ein vanleg ung mann
Eg treffer Kent ein måndag i juli, i bakgarden til ein kafe i Oslo. Før vi treffer kvarandre har eg lese bloggen hans, og vi har sendt eit par e-postar fram og attende, der har Kent allereie har fortalt ein del av historia si.

No sit vi i sola og Kent fortel historia si frå byrjinga, med stødig stemme. Han er open om det som skjedde, imponerande open.

For Kent er det viktig at historia hans ikkje er unik. Han ønskjer å dele denne, slik at andre som kjem i ein liknande situasjon skal vite at dei ikkje er åleine.

– Det er så dumt at ingen vil snakke om det, når det er så mange som vert påverka av det. Særskilt når det kjem til gutar og menn er det store mørketal, seier han.

Politiet tok ikkje saka på alvor
I Noreg reknar ein med at mellom åtte og seksten tusen vert valdtekne kvart år. Berre omlag ein av ti vel å melde valdtektene til politiet, og av dei som vert meldt vert 80 prosent av sakene lagt bort av politiet. Av dei som melder valdtekter til politiet, er berre fem prosent menn.

Kent har sjølv ganske dårlege røynsler med politiet. Når han først freista å melde valdtekta, vart han møtt av politifolk som ikkje tok han på alvor. Dei fortalde han at det han hadde opplevd sannsynlegvis ikkje var ei valdtekt, og han enda opp med å gå frå politistasjonen med å berre å ha meldt frå om tjuveriet.

– Etter å ha vore hos politiet vart eg meir og meir plaga av skuldkjensle. Eg tenkte at om det ikkje var ei valdtekt, så måtte det vere min eigen feil, seier Kent.

Etter møtet med politiet går månadane, og Kent snakkar ikkje så mykje om det han har opplevd. Men han er blitt redd – redd for å gå ut på byen, redd for å treffe folk, redd for at det skal skje igjen.

– Det var først etter at eg hadde fortalt ei venninne om kva som hadde skjedd, og ho fortalte meg at det eg hadde opplevd var ei valdtekt, at bitane byrja å falle på plass, seier han.

LES ÒG: Utdatert sex-undervising

Kjærasten synte veg
Heilt på plass fall det likevel ikkje før i november same år. Då fekk han seg ein kjæraste, som etterkvart oppdaga at noko ikkje var som det skulle. Etter at Kent hadde fortalt historia si til han, fann kjærasten ein brosjyre frå Dixi – Resurssenter for voldtatte på legekontoret. Dit gjekk dei saman den første gongen.

Det blei starten på ein lang prosess for å bli frisk igjen etter hendinga. I dag er han full av ros for Dixi, folka som arbeider der og tilbodet dei har.

– Dixi er ein fantastisk plass. Det å ha eit lågterskeltilbod har vore avgjerande for meg i prosessen mot å bli frisk. Der har eg fått juridisk bistand, samtaleterapi og har vore med i sjølvhjelpsgruppe. Det å dele røynsler i gruppa har gjeve meg mykje, seier han.

Hjelp og sjølvhjelp
Det var etter at han kom i kontakt med Dixi at han starta å blogge om valdtekta og røynslene i ettertid.

– Eg starta å blogge same dag som eg møtte bistandsadvokaten min og livet sakte med sikkert starta å falle på plass igjen. Eg tenkte at eg kunne kombinere det å skrive om mine røynsler, med å skrive om dei tilboda som er der ute, seier han.

Sidan bloggen vart oppretta i januar har han hatt over ti tusen treff. Det syner at det er mange som leiter etter informasjon om menn og valdtekt.

For Kent er det viktig å understreke at openheit er heilt sentralt dersom ein skal kome seg attende til det vanlege livet etter eit overgrep.

– I møte med alle etatar eg har vore borte i, er openheit eit nøkkelord. Openheit er nøkkelen til å få hjelp, støtte og bistand, seier han.

LES ÒG: Eit farleg land å vere kvinne i

Kjønnsnøytralt språk om valdtekter
Det tok lang tid for Kent å erkjenne at han var blitt valdteken. No meiner han det viktig å endre måten vi tenkjer og snakkar om valdtekt, frå å vere noko som berre skjer kvinner, til å vere noko som kan skje kven som helst.

– Eg arbeider for at vi skal gjere måten vi snakkar om valdtekt kjønnsnøytral. Politikarar, kvinnesaksaktivistar og forskarar bør ta gutar som opplever overgrep som barn og menn som opplever valdtekt, med i sine forskingsprosjekt og statistikkar, seier han.

– Dette er viktig så ikkje gutar og menn skal føle seg «utanfor» og rare om dei opplever desse tinga.

For Kent er det viktig å bygge vidare på det arbeidet feministar har gjort i fleire tiår med å få valdtekter fram i lyset, og fjerne skamma som råkar offera.

Når han vil setje fokus på at gutar opplever valdtekter, er det på ingen måte ein del av ein «kjønnskamp».

– Eg vil berre at alle skal vere under same paraply, kvinner og menn, som vert utsett for vald, valdtekt og overgrep. Eg trur dette vil betre situasjonen over tid, seier han.

Grensesetting inn i skulen
Tidlegare i juli gjekk Elisabeth Løland ut og ville ha meir grensetting på timeplanen. Det er Kent samd i.

– Feministar har i lang tid hatt eit ordtak som seier at «nei er nei». Det er nett det alle barn og unge bør lære, frå ung alder, meiner han.

– I tillegg bør barn og unge lære om konsekvensane for dei mellom åtte og seksten tusen som vert valdtekne kvart år. Kva ei traumatisk hending kan gjere med eit menneske, kva seinverknadar det har og kva dei utsette må gjennom, seier han.

– Det burde vere obligatorisk å lære om valdtekt som ein del av seksualundervisinga.

LES ÒG: Mange meiner kvinner har ansvar for valdtekt

Vil bli sjukepleier
For Kent er det likevel òg viktig å syne at livet går vidare etter ei valdtekt, sjølv om det kan påverke kva retning livet tar.

Tidlegare var Kent butikksjef, men no ønskjer han å bli sjukepleiar, og i haust startar han på utdanninga.

– No er planen min å gå på skule. Først høgskulen for å bli sjukepleiar, deretter å bygge på med spesialisering i psykiatri, seier han.

For Kent har lyst til å vere med å arbeide for andre som har eller kan kome til å oppleve det same som han sjølv.

– I framtida ønskjer eg meg ei stilling der eg kan kombinere leiarerfaringa mi og sjukepleia, og hjelpe andre som har vore utsett for valdtekt, avsluttar han.

LES ÒG: Krev betre undervising mot valdtekt