Ser ingen resultat frå nynorskplanar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksamen på nynorsk for byggingeniørstudentane ved NTNU i Gjøvik har fått stor merksemd på grunn av bruk av tulle-ord som «kvisleis».

Seksjonssjef for seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning ved Språkrådet, Kristin Solbjør, seier dette om eksamensoppgåva:

– Ved første augekast ser dette ut som nynorsk-harselas. I så fall er det heilt uhaldbart. Uansett er det veldig respektlaust å gi dette til studentane.

LES SAKA: Fekk eksamen på tulle-nynorsk: – Eg byter ikkje til bokmål

– Ingen resultat
Ein rapport frå Språkrådet frå 2015 viser at NTNU ligg langt bak kravet om minst 25 prosent nynorsk i all skriftleg informasjon retta mot publikum.

Språkrådet har i fleire år vore i kontakt med NTNU for å sikra at det som no er Noregs største universitet skal følgja mållova og forskrifta om målform i eksamensoppgåver, noko som gir studentane rett til å få eksamen på eiga målform.

I samarbeid med Språkrådet har NTNU laga fleire tiltaksplanar for å retta opp i dette.

– Førebels ser me ingen resultat av dette arbeidet, seier Kristin Solbjør.

Ho seier til Framtida.no at NTNU er mellom dei svakaste i høgskule- og universitetssektoren på å sikra dei språklege rettane til studentane sine.

NTNU har no laga ein ny plan der dei mellom anna har som mål å bruka meir nynorsk i sosiale medium.

– Eg håpar det vil virka, seier Solbjør.

LES OGSÅ: Målungdommen: – NTNU blant verstingane

Ber om orsaking
Kommunikasjonssjef ved NTNU Christian Fossen vedgår at NTNU ikkje har klart å oppfylla krava i Mållova.

– Det kan me berre beklaga. Vegen fram er nok diverre lang. Universitetet skal løysa mange oppgåver. Når det gjeld språk er det eit aukande krav om at all informasjon, i tillegg til dei norske målformene, skal vera på engelsk. Samstundes er me midt i arbeidet med fusjonen mellom tre tidlegare høgskular og gamle NTNU. Språkrådet har difor gjeve oss eitt års ekstra frist med å koma opp med effektive tiltak for å betra nynorskbruken. Me skal bruka den tida godt, og har eit klart mål om å oppfylla krava i Mållova, skriv han i ein epost til Framtida.no.

(saka held fram under bildet)


Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg denne eksamensoppgåva. Foto: privat

Manglar tillit til NTNU
Jorunn Simonsen Thingnes har tidlegare jobba i Språkrådet og har skrive masteroppgåve om språket i eksamensoppgåver ved Universitetet i Oslo.

Ho er glad for at NTNU har beklaga, men ho set ikkje si lit til at det vil betra seg likevel.

– Det er ikkje første gongen dei er i hardt vêr, seier ho.

I vinter var ho på NTNU og heldt kurs i korleis å skriva eksamensoppgåve på nynorsk. Det var i regi av Studentmållaget i Nidaros, som har erfart at det er behov for slike tiltak.

Overordna vil Simonsen Thingnes seia at mange institusjonar slit med det same.

– Det gjeld mangel på system for omsetting og kvalitetssikring, men truleg også haldningar.

Leiar i Studentmållaget i Nidaros, Eline Bjørke, seier til Framtida.no at dei har vore borti mykje spesiell nynorsk i eksamensoppgåver på NTNU.

– Men ingen så dårleg som dette. Elles er det mangel på oppgåver på nynorsk som er det største problemet, seier ho.

LES SAKA: – Ei skam og ein skandale

– Har gode rutinar
Prorektor for utdanning, Berit Kjeldstad, skriv i ein epost til Framtida.no at NTNU har gode rutinar og retningslinjer for kvalitetssikring av eksamensoppgåver.

– I dette konkrete tilfellet er ikkje desse vorte følgd.  Eg er glad for at studiedirektøren ved Gjøvik har vore tydeleg i sitt svar, og er trygg på rutinane vil bli følgd opp vidare, seier ho.