Ny sveis skal få fleire til å bruka hjelm
Kvar fjerde vestlending nyttar aldri sykkelhjelm.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka vart først publisert på Porten.no.
Sogn: Grunnen til at mange vestlendingar vel å late hjelmen liggje att heime varierer, men i ei fersk undersøking som er gjort på vegne av Trygg Trafikk og Nikita Hair, oppgjev kvar tiande forfengelegheit som årsak til at dei vel å ikkje nytte hjelm.
Likevel meiner åtte av ti vestlendingar at sykkelhjelmen er viktig.
Les også: Skal gi beskjed til dei vaksne
— Når åtte av ti vestlendingar meiner det er viktig å nytte sykkelhjelm, er det skuffande og overraskande at så mange let hjelmen liggje, kommenterer distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.
Unge er verst
Når noko i overkant av 70 000 i aldersgruppa 18 til 34 år på Vestlandet ikkje nyttar hjelm på grunn av mellom anna forfengelegheit, må noko gjerast, poengterer Heggestad
Heggestad er uroa over tala og utviklinga, særleg fordi undersøkinga avslører at det er dei unge som er dårlegast på bruk av sykkelhjelm. Heile 23 prosent i alderen 18-34 år på Vestlandet svarer at dei aldri nyttar sykkelhjelm. Trygg Trafikk fryktar at tala blant dei mellom 15 og 18 år kan vere endå verre. Også dei yngste oppgjer forfengelegheit som ein av dei viktigaste grunnane til at hjelmen ikkje er på.
— At dei mellom 18 og 34 år er mest opptekne av utsjånaden er kanskje ikkje så overraskande, men at så mange som kvar fjerde i aldersgruppa let vere å nytte hjelm på grunn av forfengelegheit, gjev grunn til uro. Hjelm reduserer risikoen for ansikts- og hovudskade, og du kan få alvorlege skadar om uhellet er ute. Det er også færre kvinner enn menn som har hjelm, seier distriktsleiaren.
Styresmaktene og andre har stort fokus på sykkel om dagen. Nordmenn syklar mykje, men ifølgje undersøkinga syklar vestlendingane minst. 58 prosent svarar at dei syklar av og til eller oftare, mot 69 prosent på Austlandet, der sykkelbruken er mest utbreidd.
Vil inspirere til hjelmbruk
Saman med frisørkjeda Nikita Hair lanserer Trygg Trafikk difor no ein Sykkelhjelmsveis-kampanje som skal gjere at fleire nyttar hjelm. Der får norske menn og kvinner råd og tips om sesongens ulike frisyrar som enkelt let seg kombinere med sykkelhjelmen.
— Me vil at flest mogleg nyttar hjelm når dei syklar. Mange nyttar jo sykkel når dei skal på skule og til jobben, og ei ulukke kan skje når som helst. Me tek funna i undersøkinga på stort alvor. Med sykkelhjelm-kampanjen ønskjer me å inspirere til hjelmbruk med humor og glimt i auget, ikkje med peikefingerbodskap. Vår erfaring er at dette er det mest verknadsfulle, særleg når det er mange unge menneske i målgruppa, seier Årøen.
LES OGSÅ: Syklar dobbelt så langt med el-sykkel
Enkel løysing på eit viktig problem
Nikita Hair synest sykkelhjelmsveisen set søkjelys på ei viktig sak det er svært enkelt å gjere noko med. Frisørkjeda slår fast at frisyre og hjelm let seg kombinere og i høve til kampanjen presenterer dei ein rekke hjelmvenlege frisyrar som skal inspirere fleire nordmenn til å nytte hjelm.
— Det er ingen grunn til å late vere å nytte sykkelhjelm på grunn av håret. Vel du ein frisyre som er enkel å style, i tillegg til å nytte produkt som bidreg til at håret held seg betre gjennom dagen, er det ingen unnskyldningar for å la hjelmen ligge. Sesongens trendar let seg heldigvis også enkelt kombinere med sykkelhjelmen. Ei fiskebeinsflette som startar under feste på hjelmen passar til dømes fint under hjelmen, seier Espen Karlsen, administrerande direktør i Raise Gruppen.
LES OGSÅ: Slik klargjer du sykkelen til våren
Færrast kvinner har sykkelhjelm
Den vanlegaste grunnen til ikkje å nytte hjelm er ifølgje nordmenn sjølv at dei rett og slett ikkje eig ein sykkelhjelm. Nesten halvparten av alle nordmenn fortel at dei ikkje har gått til innkjøp av hjelm.
Kanskje ikkje så overraskande er det kvinnene som er mest opptekne av sikkerheit. Heile 85 prosent av dei kvinnelege deltakarane i undersøkinga meiner hjelmbruk er viktig, medan berre 72 prosent av det mannlege utvalet meiner det same.
På spørsmålet om bruk av sykkelhjelm er det ingen forskjell. Undersøkinga syner derimot at det er langt færre kvinner enn menn som har ein sykkelhjelm.