Vil varma opp landet med flis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Potensialet med flis som oppvarming er enormt. I dag kjem berre 5– 6 prosent av energiforbruket i Noreg frå flis. Det kandoblast på ein berekraftig måte, og dette er det også tverrpolitisk semje om, seier seniorrådgjevar Simen Gjølsjø ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) til Nynorsk pressekontor.

Han peikar på at tilveksten i skogen er meir enn dobbelt så stor enn det som blir utnytta til tømmer. Dessutan blir greiner og anna avfallsvyrke ofte ikkje brukt når tømmeret blir teke ut.

– Til saman er det snakk om rundt 10 millionar kubikkmeter som kunne vore brukt til biobrensel. Ein stor del blir liggjande att i skogen og rotnar. I tillegg kjem alt krattet som veks langs veg- og jordkantar, seier fliseksperten og peikar på at attgroing i seg sjølv er eit stort problem.

LES OGSÅ: Kvifor likar vi piggsvinet så godt?

Han meiner alt dette er ein stor fornybar ressurs, som kan utnyttast betre.

– Både tettstader og bygdesamfunn rundt om i Noreg kan bli endå flinkare til å bruka flis til å varma opp lokala sine, seier han og minner om at vi må rekna med at det etter kvart blir forbode å bruka både olje og straum til oppvarming.

– Flis den nye olja
Teknologien som trengst for å byggja flisfyringsanlegg, er alt utvikla, og mange har gode røynsler med flisfyring. Kort fortalt dreier det seg om varme frå ein stor kjele varma opp av flis – og som om blir frakta vidare som vassboren varme.

– Anlegga omfattar alt frå mindre private anlegg til 70.000 -80.000 kroner til store fyringsanlegg til mange millionar, seier Gjølsjø og nemner flisfyringsanlegget som varmar opp flyplassen på Gardermoen, som eitt av dei største.

Det vanlegaste er likevel mindre, private flisfyringsanlegg. Skogbrukarar og gardbrukarar står bak dei fleste anlegga, men det finst også døme på at enkeltbrukarar og bønder har gått saman om drifta.

– Nokre brukar dette som olje. Dei fyller opp store siloar med flis om hausten, og så har dei oppvarming gjennom heilevinteren.

– Godt for folk og fe
Gjølsjø fortel at dei som skal byggja eit flisfyringanslegg bør ha eit litt stort energibehov. Flisfyring eignar seg difor godt til gardsbruk med driftsbygningar i tillegg til bustadhus

– Prisen på eit flisfyringsanlegg for eit vanleg gardsanlegg ligg på rundt 150.000 kroner, seier flisfyringsrådgjevaren.

Det blir sagt at slik oppvarming er godt både for folk og fe. Mellom anna blir det fortalt at varme fjøs gjev høgare mjølkeproduksjon.

LES OGSÅ: Sjøfuglar likar ikkje endring

– God temperatur er også viktig for kylling- og svineproduksjon, seier Gjølsjø.

Støtte til fyringsanlegg
For å stimulera til auka bruk av flisfyring samarbeider instituttet med Innovasjon Noreg. Kvart år lyser Innovasjon Noreg ut ein pott på 50– 60 millionar kroner i investeringsstøtte til flisfyringsanlegg.

– Interessa for å vera med er stor, og potten blir brukt opp kvart år, seier Gjølsjø.

Ved å levera energi til kommunen, industri eller bustader, kan bønder og skogbrukarar dessutan få inntekter på anlegget.

– Mange av varmeselskapa har grei økonomi, seier rådgjevaren, som har vore med å gje råd og sete i styringsgruppa for fleire flisfyringsprosjekt.

Flis ikkje berre flis
All flis er likevel ikkje like godt eigna til oppvarming.

– Det er mange ulike kvalitetar på flisa. Du har stor flis, lita flis, fin flis, våt flis, kald flis og varm flis, ramsar Gjølsjø opp. Han legg til at det også er skilnad på energiinnhaldet i ulike treslag.

– Kva som er best å bruka, kjem litt an på anlegget. Generelt er finstoff under tre millimeter ikkje bra. Men opp til to, tre millimeter er fin flis.

Gjølsjø fortel at det er utvikla fyringsanlegg både for tørt og vått vyrke.

– På Vestlandet der det kan vera utfordrande å få tørka flisa, kan det vera ein fordel å velja anlegg som er berekna for vått vyrke, seier han, men legg til at det også går an å tørka flisa og dekkja henne godt til.

–  Kan motverka at bygdene gror att
Simen Gjølsjø meiner flisfyring er ein utnytta ressurs, som kan gje mange positive ringverknader i Distrikts-Noreg.

– For å halda dette gåande blir det arbeidsplassar og sysselsetjing både for elektrikaren, røyrleggjaren og snikkaren. Med andre ord gjev det veldig bra verdiskaping.

– Det er òg med på å hindra at bygdene gror att. Dessutan er det heilt ukontroversielt i motsetnad til vasskraft og vindkraft, legg han til.

Han peikar på at i Danmark er bioenergi mykje større enn vindkraft – trass i at det er vindmøller over heilelandet.

– Her har Noreg mykje å læra, meiner han.

LES OGSÅ: Tett på meiselivet