Inger Helgestad (19) søkte på eit studie ho aldri hadde høyrt om før. Ho skriv om det vanskelege valet.

mm

Etter tre lange år på vidaregåande skule, er eg, som dei fleste andre, klar for det neste livet har å by på. Eg er klar for å gå vidare, klar for å møte nye menneske og klar for nye utfordringar.

Eg gler meg, eigentleg, og kjenner det kriblar litt ekstra i magen. Likevel er det noko skummelt over det heile.

Noko ukjent.

Og oppi alt dette ukjente står vesle meg heilt aleine og prøver å finne ut kva eg skal bruke resten av livet mitt på.   

LES OGSÅ: Éin av tre har høgare utdanning

«Kva skal du til neste år?»

Eit velkjend spørsmål for ein avgangselev på vidaregåande.

«Kva er dine planar?»

Nokre sukkar høglydt kvar gong dei må svare at dei ikkje veit. Medan andre legg i veg og har detaljerte planar for dei næraste ti åra. Sjølv ligg eg ein plass midt i mellom, saman med dei fleste andre eg kjenner, og svaret blir som oftast like velformulert som; «nei, altså, eg har søkt på eit studie, men ja, eg veit ikkje heilt, eg».

LES OGSÅ: Rebekka (19) og Dana (19): – Vanskeleg å velja utdanning

Ofte får eg høyre av foreldregenerasjonen at me har så mange val.

Så uendeleg mange moglegheiter.

Av erfaring kan eg også medele at dette stemmer godt.

Det er så mange val. Så mykje ein kan studere og så mykje ein kan jobbe med, at ein kan bli gal av mindre.

Likevel er det ein gylden moglegheit til å finne akkurat det studie som passar for deg. Akkurat den jobben du er interessert i. Ein må berre førebu seg på å bruke ein del timar på Internett og lese eit utal sider i studiekatalogar før ein finn nettopp dette studiet og denne jobben.

Sjølv enda eg opp med å søke på eit studie eg ikkje visste eksisterte før eg tilfeldigvis slo opp i studiekatalogen til UiO. Flaks.

Å prøve å fiske seg fram til den rette løysinga i eit hav av moglegheiter er ei utfordring i seg sjølv.

Mange, kanskje til og med dei fleste, har i utgangspunktet ikkje snøring på kva dei vil, og etter studieorienteringsdagar, informasjonskatalogar og internettsøk blir ein ofte enda meir forvirra. Då dukkar det nemleg opp ein heil del nye studiar ein ikkje visste om, som ein også må ta med i vurderinga. Og slik har ein det gåande, til ein til slutt mistar all oversikt.

LES OGSÅ: No droppar 19-åringane «friåret»

Nokre vel å setje studievalet på vent, og reise på folkehøgskule eller ta eit friår i staden. I fornuftas namn vil eg seie at dette kanskje ikkje er så dumt.

Kanskje er det til og med veldig lurt.

Etter 13 års skulegang er det godt mogleg at hjernen treng ein liten pause frå lekselesing og pugging. Likevel vel eg, og mange fleire, å starte rett på studiet.

Forhåpentlegvis klarar hjernen min seg litt til utan pause.

Litt meir lekselesing og pugging – så er me snart i mål. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE